Tekst og bilde: Øyvind Vatshelle, SFVL

Drifta på jordbruksarealet kan føre til skade for vassdrag og livet langs vassdraget. Det er difor klare krav til jordbruksdrifta, mellom anna:

  • Du kan ikkje gjødsle heilt ut til kanten av elver, småbekker og opne kanalar. Mange stadar kan du få regionalt miljøtilskot for å halde ekstra stor avstand.
  • Du kan aldri bruke plantevernmiddel nærare enn tre meter frå overflatevatn, og for nokre middel er det større avstandskrav.
  • Du kan ikkje jordarbeide nærare enn to meter frå vassdrag med årssikker vassføring, dersom du søkjer produksjonstilskot.
  • Du kan ikkje fjerne naturleg kantvegetasjon langs vassdrag. Dette gjeld både buskar, tre, urter og gras.

Brot på krava om omsyn til vassdrag kan mellom anna medføre trekk i produksjonstilskot. Andre frivillige tiltak kan det vere mogleg å få tilskot til.

Bekk og jordbruksareal foto o vatshelle
Ikkje kom for nær, vis omsyn til bekken! Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Les meir her.

  • Du kan ikkje gjødsle heilt ut til elvekanten
  • Minsteavstand ved sprøyting er tre meter
  • Aldri attlegg inntil bekken
  • La vassdragsnaturen stå urørt


Ta gjerne kontakt med rådgjevaren din i NLR om du har spørsmål.