Som grovfôrrådgivar hos oss blir du ein viktig sparringspartnar for bønder som ønskjer å utvikle produksjonen sin og oppnå betre agronomiske og økonomiske resultat. Du får ein variert arbeidskvardag der du kombinerer fagkunnskap, rådgiving og relasjonsbygging.

Éin dag er du ute hos bonden og diskuterer fôrkvalitet, gjødsling eller engfornying. Neste dag held du kurs, deltek i prosjektarbeid eller samarbeider med fagkollegaer frå heile landet. Hos oss handlar rådgiving om meir enn å gi gode faglege råd. Det handlar om å forstå bonden sin kvardag, utfordringar og mål, og bidra til at gode val gir betre resultat på garden.

Vi søkjer deg som er nysgjerrig, løysingsorientert og som ønskjer å bruke kompetansen din der den skapar reell verdi for bonden.

Kva skal du gjere?

Ingen dagar er heilt like. Som grovfôrrådgivar vil du hjelpe bønder med å ta gode agronomiske og økonomiske val som styrkjer både produksjon og lønnsemd. Du blir ein viktig fagressurs for medlemane våre og bidrar til utvikling av både landbruket og rådgivingstilbodet i regionen.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

  • Rådgiving innan grovfôrproduksjon og agronomi
  • Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplanar
  • Klimarådgiving og oppfølging av klimahandlingsplanar
  • Oppfølging av medlemar og kundar gjennom rådgivingsbesøk
  • Planlegging og gjennomføring av kurs, markdagar og fagmøte
  • Formidling av fagkunnskap gjennom artiklar og andre faglege arenaer
  • Deltaking i og leiing av prosjekt
  • Vidareutvikling av rådgivingstilbodet i samarbeid med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Deltaking i feltarbeid og feltforsøk

Arbeidsstad er Voss. Du må rekne med rådgivingsoppdrag og bistand ved andre NLR-kontor i regionen ved behov.

Kven er du?

Du har relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, og/eller praktisk erfaring og kompetanse innan grovfôrproduksjon.

Vi trur du vil lukkast best i rolla dersom du:

  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • handterer fleire oppgåver samstundes
  • kommuniserer godt med ulike typar menneske
  • er initiativrik og løysingsorientert
  • likar å lære og halde deg fagleg oppdatert
  • ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  • har forståing for at bonden driv ei verksemd som skal vere både fagleg god og økonomisk berekraftig

Du treng ikkje å kunne alt frå første dag. Kanskje kjem du frå rådgiving, praktisk landbruk eller eit anna fagmiljø. Det viktigaste for oss er at du er engasjert, lærevilleg og har lyst til å utvikle deg videre.

Du må ha førarkort klasse B, då mykje av arbeidet er ute hos bonden.

Kvifor NLR?

Norsk Landbruksrådgiving er landbruket sitt leiande kompetansemiljø og bindeleddet mellom forsking og praksis. Vi er rundt 400 tilsette over heile landet som kvar dag arbeider for å gi bonden relevant, uavhengig og framtidsretta rådgiving.

Hos oss får du:

  • Fast stilling i inntil 100 %
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
  • Tilgang til spesialistar over heile landet
  • Stor grad av fridom, tillit og fleksibilitet
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit inkluderande og jordnært arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit til å bidra til utviklinga av norsk landbruk

Vil du vere med å skape resultat der det verkeleg tel?

Hos oss får du ikkje berre dele kunnskap. Du får sjå den bli teken i bruk. Du blir ein viktig støttespelar for bønder som kvar dag tek avgjerder som påverkar produksjon, økonomi og framtid på garden. Samtidig blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som brenn for å utvikle norsk landbruk.

Har du engasjement for grovfôr, agronomi og menneske? Då håpar vi du sender oss ein søknad.

Vi ser fram til å høyre frå deg!