Frode er busett i Todalen og har kontor på Skei i Surnadal. Han er gardsgut i botn og har mykje erfaring og kunnskap å dele. Er i tillegg glad i korpsmusikk, fjell og friluftsliv.
Fagområde
Med plantefagleg bakgrunn har Frode fått ansvar for fleire kulturar: gras, korn og potet. Frode har også god kunnskap innan plantevern, og held kurs innan autorisering. Han er med andre ord som ein potet sjølv å rekne.
Geografisk ansvarsområde
Med kontor i Surnadal er det denne kommunen som er Frode sitt hovudansvarsområde, i tillegg har han medlemmer i tidlegare Halsa kommune. Korn- og potetbøndene i Sunndal og Rauma kan også nytte godt av kunnskapen til Frode.