Interessa for å produsere eigen energi er større enn nokon gong. Nokon går til og med så langt at dei ynskjer å vere såkalla off grid, dvs. ein bustad, eit gardsbruk eller ein livsstil der ein er sjølvforsynt. Gardsbruka har mange ressursar som kan nyttast til energiproduksjon, men kva høver for din gard?

Hans Skeie Foto Geir Geitle avisa Hordaland
Solceller på tak på driftsbygning hjå Hans Skeie, Voss. Foto: Geir Geitle, avisa Hordaland.

Frå solstrålar til straum

Solcelleanlegg er ei lågthengande frukt dersom du ynskjer å produsere eigen straum. Det finst fleire nettstader der du skriv inn adressa di, og får berekna kva taka dine kan gje. Prøv for eksempel https://solkart.no/. Det er ikkje berre tak som egner seg til solceller; fasadar kan òg vere aktuelle. Straumbehovet er ofte ulikt gjennom døgeret, og det kan vere nyttig å få oversikt over korleis døgnvariasjonen er på din gard.

I periodar med mykje lys, men lågt energiforbruk på garden, kan det hende du produserer meir straum enn du treng. Då vert overskotet av straum sendt ut på nettet. Prisen er den same som spotprisen på straum i den aktuelle timen.

Kva er effekten og ytinga på solcellene? Effekten til straum målast i watt, medan effekten for solceller målast i wattpeak (wp). Med «peak» meinast den høgaste effekten ein kan oppnå under optimale tilhøve. 3 kWp tyder at eit solcelleanlegg med «full tilgjengeleg solkraft» kan levere opptil 3000 watt. Nyttar du til dømes eit mjølkeanlegg i ein båsfjøs kan det vere at dette treng 3000 watt (eller 3 kW). Vi har ikkje full solkraft heile tida. Det varierer med vèret og er ulikt mellom landsdelar. På Vestlandet opererer vi ofte med 650-700 kWh/kWp.

Frå solstrålar til varmt vatn

Solfangarar gjer om energien i solstrålane til varme. Dersom det er varmt vatn du treng så er det dette du skal investere i. Hugs at også her vert det produsert mest varmt vatn om sommaren då du kanskje har eit mindre oppvarmingsbehov.

Eit solfangaranlegg består av solfangar, røyr akkumulatortank og styringssystem med pumpe. Som med solceller kan solfangarar integrerast i tak, fasadar eller på bakken/i skråningar.

Biovarme = forbrenning av biomasse

Biovarme er alle former for oppvarming som kjem av forbrenning av biomasse; det kan vere ved, flis, pellets eller anna. Å brenne biovarme er CO2-nøytralt. Forklaringa er at plantane har teke opp CO2 gjennom fotosyntesen og ved forbrenning vert den same mengda CO2 bli ført tilbake. Om du fangar og lagrar CO2 når du forbrenner, vil du fjerne CO2 frå atmosfæren. Biovarme vil avlaste straumnettet og dermed frigjere høgverdig elektrisitet til andre formål. Her vil samfunnet spare ved å sleppe å bygge ut straumnettet.

Biokraft vil seie å lage straum av biomasse. Ein forbrenner biomassen, nyttar varmen til å koke vatn, for så å bruke dampen til å drive ein turbin som produserer elektrisitet.

Storleiken på investeringa i eit biovarmeanlegg vil vere veldig forskjellig. Biovarmeanlegg kan vere alt frå ein vedomn til vasskappe til eit stort og automatisert flisfyringsanlegg. Kva har du av tilgjengeleg biomasse hjå deg? Kva oppvarmingsbehov har du? Har du kanskje allereie opplegg for vassboren varme?

B41 A7724

Biogass på min gard?

Investering i biogassanlegg ligg i motsett ende i forhold til solceller når det gjeld omfang på forarbeid. I eit forprosjekt er det viktig å kartlegge til dømes lagring og logistikk av gjødsel, spreieareal, estimert gassproduksjon, vedlikehaldskostnader samt alle andre faktorar som er av betydning. Det er fleire ulike leverandørar og ein del av anlegga skil seg veldig frå kvarandre. Du kan søkje støtte til forprosjektering av biogassanlegg frå Innovasjon Norge.

Tradisjonelle biogassanlegg krev ein viss mengde husdyrgjødsel og gjerne noko meir energirike substrat i tillegg for å få lønsemd. Mindre bruk kan gjerne gå saman om eit biogassanlegg eller dei kan levere husdyrgjødsel og ta i mot biorest til/frå større anlegg. Det kan òg hende at vi kan få biogassanlegg framover for mindre besetningar. Leverandørar for ein type anlegg i Noreg har sagt dei kan rekne det «heim» ned til 25 kyr. I den siste tida har det blitt starta opp fleire anlegg og fleire er under bygging. Det er viktig at vi får erfaringstal frå desse anlegga for å kunne gje gode svar til gardbrukarane.

Biogass er ein rotneprosess som skjer utan luft. Husdyrgjødsel og evt. andre tilleggssubstrat vert pumpa inn og vi får ut gass (metan + CO2) og biorest som to sluttprodukt. Bioresten vil ofte ha betre eigenskapar som gjødsel samanlikna med husdyrgjødsel.

Biogass er fornybar og klimanøytral fordi den allereie finnest i krinslaupet. Atmosfæren får ikkje tilført meir CO2 ved bruk enn ved naturleg nedbryting. Vert biogassen nytta som drivstoff vert utsleppet av CO2 redusert med 2,7 kg for kvar liter diesel ein byter ut. Oppgradering av gass til drivstoff krev ein viss mengde gass, og er per no ikkje aktuelt for gardsanlegg. På gards- og grendeanlegg vert gassen brent direkte for varmeproduksjon. Ein kan òg produsere straum frå biogass ved hjelp av ein gassturbin, men ein vil uansett få ut mesteparten av energien i gassen som varme.

Kombinasjon av fleire energikjelder

Solceller kan kombinerast med straum frå nettet eller for eksempel ved/flisfyring. Solceller om sommaren og vedkjel om vinteren? Straum frå solceller eller biogassanlegg kan kombinerast med varmepumpe for å få ut høgare effekt på oppvarming. Moglegheitene er mange, og du må finne det som er mest optimalt for din gard og ditt behov.

Norsk landbruksrådgiving med rådgivingsteneste innanfor bioenergi

Kva er ressursgrunnlaget for energiproduksjon på din gard? Har du skog? Har du takflater? Har du husdyrgjødsel? Treng du hjelp for å gjere ein avklaringsprosess? Treng du bistand til forprosjekt?

NLR hjelper deg å ta kunnskapsbaserte val. Få svar av uavhengige rådgjevarar. Ta kontakt med oss! Fornybar energi | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)

B442 FCD2