Då var me der igjen - Kalenderen viser at favorittårstida mi står for tur!! Det er ikkje berre tidlege morgonar med sola som kjem krypande nedover fjellsida ilag med den friske, kalde lufta eg gler meg til. Kvart år let eg meg fascinere av dei snorbeine rekkjene som nok ein gong skin imot meg med dei raude, freistande epla på trea. Det er haust!

Har du nokon gong tenkt over kva som avgjer om eit eple er modent og av ein slik kvalitet at nettopp du kan nyte smaken av eit saftig godt eple?

Omsetjingsleddet har sett ein del kvalitetskrav som frukta må overhalde for at dei tek ho imot. Og som med så mykje anna så er det ytre viktig for eit eple og. Eplet som finn vegen ned i hausteposen skal vera fri for skavankar som t.d. insektsgnag og sprekkar, dei skal ha rett storleik og løsne lett frå stilkfestet. Fargen du ser utanpå eplet gjev verdifull informasjon om kor eplet ligg i løypa med tanke på modninga. Me deler gjerne fargen inn i grunn- og dekkfarge. Grunnfargen vil endra seg frå grøn mot gul når haustinga nærmar seg. Det kjem av at klorofyllet i epleskalet vert brote ned etter kvart som modningsprosessen går sin gang. Dekkfargen er det raude laget med farge du ser utanpå grunnfargen, og denne fargen krev sollys for å utvikla seg.

Så var det dei indre verdiane til epla. Ein av faktorane som spelar inn om eit eple er hausteklart eller ikkje, er innhaldet av stive. Stive blir til under utviklinga til eplet, og når epla byrjar å modne vil stive bli brote ned til sukker. Jo meir stive som er brote ned, jo høgare vert sukkerverdien me måler. Det er ikkje ynskjeleg med eple heilt utan stive sidan dei då vil ha dårleg lagringsevne. Kva for kvalitetskrav som er sett for stive og sukkerinnhald er avhengig av kva eplesort der er snakk om. I tillegg til målingar av stive og sukker vert det tatt ein sjekk av kor hard eller fast frukta er. Eit stempel vert ført ned i eplet, og motstanden stempelet møter i fruktkjøtet vil seia oss noko om epla er overmodne, hausteklare eller om dei treng å henga på treet ei god stund til.

Når epla i feltet er innforbi kvalitetskrava som gjeld går startskotet for haustinga. Dyrkarane haustar gjerne dei best utvikla epla i toppen og i ytterkant av trea fyrst, og deretter går dei over felta att etter kvart som kvaliteten aukar på mindre lyseksponerte eple. Det vil alltid finnast variasjonar mellom felt som ein må ta omsyn til når det gjeld kor tid ein og same sort er moden. Faktorar som lokalklima, alder på plantingane og mengde frukt på trea må takast med i betraktninga når ein gjer ei vurdering av kva som er rett haustetid.

Eg kan melda om at haustens vakraste eventyr er i gang. Haustekassane vert i desse dagar flittig fylt opp med eple av kunnskapsrike, dyktige dyrkarar og deira hjelparar. Dei norske epla er endeleg å finna i butikken att - Sjå, smak og finn din favoritt du og!

Grunnfarge blogg
Eple med grunnfarge
Bilete dekkfarge blogg
Eple med dekkfarge