Kjenneteikn og biologi

Vassarven kan forvekslast med vanleg arve. Denne har hårete blad. Vassarven derimot kjennast på ei tydeleg stripe med hår langs stengelen. Vassarven set mange frø og spirer viljug heile vekstsesongen. Han spreier seg også ved hjelp av krypande, rotslåande stenglar. Planten har god evne til å vekse også i milde periodar om vinteren. Han veks godt på ulike jordtypar, også på godt gjødsla jord. Han trivst best i vått og kjøleg kystklima. Han kan likevel også førekome rikeleg i tørrare innlandsklima, på våt jord og på skuggefulle areal.

På grunn av den krypande veksemåten, kan vassarve danne tette tuver i eng og beite. Dette gir tynn plantesetnad og lågt avlingsnivå hos engvekstane. Mange beitedyr vrakar vassarven.

Førebyggande tiltak

Grøfting av vassjuk jord vil verke positivt. Eit tett plantedekke med konkurransesterke engvekstar vil vere effektivt. Ver varsam med mange haustingar per sesong, låg stubbehøgde og intensiv nedbeiting. Dette kan svekke engvekstane og gi meir rom for ugras. Trakkskade frå storfe, sau eller hjort gir rom for nye ugrasspirar. Der eng og beite blir uttynna av trakkskade og tuver av vassarve, kan innsåing av rasktveksande grasartar vere aktuelt mottiltak. Fleirårig raigras er eit alternativ.

Mekaniske tiltak

Lett harving før såing i attleggsåret kan ha god verknad. Det er viktig å harve tidleg, før plantane rekk å utvikle krypande, rotslåande stenglar. Bruk av flamming og varm damp verkar også bra mot vassarven. Pussing etter spiring av attlegget, vil ha liten verknad mot låge og krypande artar som vassarve. Slått eller beitepussing vil ha liten verknad mot vassarven i engåra.

Kjemiske tiltak

Vellukka ugraskamp i eng og beite startar i attleggsåret. På areal med mykje vassarve bør ein velje middel med ekstra god verknad mot denne. Det er finst fleire gode middel mot vassarve. Rett sprøytetid er viktig for eit godt resultat.

Attlegg med kløver.- Med kløver i frøblandinga er det denne som avgjer sprøytetida. Sprøyt etter at kløveren har utvikla «spadebladet», og seinast når det andre trekopla bladet er utvikla. Sprøyter ein for seint blir verknaden mot ugraset svakare. Best verknad mot vassarve har Express SX + MCPA; 0,75 g + 50 ml/daa. Ein må rekne med noko veksthemming hos raudkløver. Kvitkløver kan få større skade. Bra verknad mot vassarve og mindre skade hos kløver får ein med Basagran + MCPA, 85 g + 35 g/daa. Også Gratil + MCPA gir bra verknad og er godkjend i attlegg med kløver. Kvitkløver er likevel svak.

Attlegg utan kløver.- Ariane S, 250 ml/daa, har god verknad mot vassarve. Forsøk og røynsle tyder på at dette middelet også gir god og mest varig verknad mot dei fleste vanlege ugrasa i attlegget. Det gjeld også frøspirar av høymole. Express SX, 0,75 g/daa + klebemiddel, er også godkjend i attlegg med raudkløver. Verknaden mot vassarve er god. Mot andre ugras i attlegget vil verknaden vere meir kortvarig enn for Ariane S. Express SX har låg pris i høve til dei andre aktuelle midla.

Eng og beite med kløver.- I gras med kløver kan Gratil, 7 g/daa + klebemiddel nyttast, men har berre middels god verknad mot vassarve. Harmony + klebemiddel har noko betre verknad mot vassarve, men vil skade kløveren meir.

Eng og beite utan kløver.- «Mekoprop», Duplosan Super og Banvel har god verknad mot vassarve i eng utan kløver. Også Starane XL, Tomahawk og Flurostar verkar tilfredsstillande. Express, 1,5 g/daa + klebemiddel, verkar godt, men er berre godkjend i varig beite.

Ein får best verknad av ugrasmidla når plantane er i god vekst. I kaldt og tørt ver blir ofte verknaden svakare.

Vassarve i blomst Marit
Vassarve er vintereittårig, men kan likevel under visse forhold lage tette matter i eng og beite. Det gir tynnare eng og lågare avling. Vassarven trivst best i vått og kjøleg ver. God drenering er viktig førebyggande tiltak. Det same gjeld godt stell av engvekstane. Det finst gode ugrasmiddel som kan nyttast om utfordringane blir store. Foto: Marit Henjum Halsnes