Utfordringa med lyssiv og knappsiv i eng og beite er ikkje ny. Eit inntrykk er likevel at utbreiing og skadeomfang har vore aukande i fleire tiår. Det vart gjennomført omfattande forsøksverksemd i åra 2009-2015 hos NIBIO og NLR på Vestlandet. I tillegg vart det skrive fleire fagartiklar i Bondevennen i åra 2016-2017. Har høg innsats innan forsøk og rådgiving ført til praktiske resultat?

Siv kartlegging Fjortofta
NIBIO og NLR gjorde omfattande forsøk og kartleggingar på Vestlandet i 2009-2017.

Biologiske eigenskapar

Dei to artane veks i tette tuer, med underjordiske forgreina stenglar. Overjordiske stenglar er 30-70 cm høge. Blomsten hos lyssiv er open kvast. Stenglane har striper, med glinsande grågrøn farge. Knappsiv har meir kompakt blomst. Stenglane er finstripa, litt rue og med mørkare grønfarge. Lyssiv har større veksekraft enn knappsiv, og er meir utbreidd.

Spreiing skjer ved underjordiske krypande jordstenglar, og med frø. Plantane set mange små frø, inntil 6000 frø per stengel. Frøa kan overleve mange tiår i jorda. Dei treng lys for å spire.

Undersøkingar syner at lyssiv kan ha aktiv fotosyntese også om vinteren, i mildt kystklima. I område med lange kalde snørike vintrar blir vekst og utbreiing hemma.

Siv har porefylt lys marg i stenglane. I margen kan luft bli ført til underjordiske stenglar og røter. Dette gir plantane større evne til å vekse i oksygenfattig vassmetta og pakka jord.

Sivartane samlar opplagsnæring i nedre del av overjordiske stenglar, og i underjordiske stenglar og røter. Høgt innhald av opplagsnæring gir betre overvintring, og størst evne til gjenvekst om våren og etter kutting. «Kompensasjonspunktet» er tida då mengd opplagsnæring er lågast. Normalt skjer dette tidleg i august.

Førebyggande tiltak

Det er mest siv på jord med høgt innhald av organisk materiale. Artane trivast også på mineraljord, særleg ved svak drenering. God drenering er viktig førebyggjande tiltak. Statistikk frå 2010 syner at 8-10% av jorda på Vestlandet har for svak drenering.

Siv jordtype luft vatn
Det er mest siv på jord med høgt innhald av organisk materiale, svak drenering og dårleg jordstruktur.

Førekomsten er størst på beite. Viktige årsaker er trakk og vraking frå beitedyra. På beite blir det også i mindre grad nytta slåmaskin eller pusseutstyr. Mange beite er også mindre tilgjengelege for bruk av åkersprøyte.

Førekomsten av siv er mindre på eng og beite med årleg slått. Slått og pussing minskar vekst og frøspreiing. God jord- og plantekultur gir betre vekst hos kulturplantane. Tilpassa kalking og gjødsling gjer engvekstane betre i stand til å konkurrere med sivartane. Det er også viktig å velje rett frøblanding, med konkurransesterke engvekstar.

Meir ekstensiv drift og svakare vedlikehald av dyrka jord, kan mange stader vere årsak til auka utbreiing av siv.

Biologiske tiltak

Kan målretta bruk av beitedyr hemme utbreiinga av siv? Forsøk og røynsler syner at sau i liten grad vil beite på siv. Det same gjeld truleg storfe. Islandshest har tenner både i overkjeve og underkjeve. Han er nøysam, og er flink til å beite på stivt gras, til dømes sølvbunke. Røynsler syner at islandshesten kan beite forholdsvis sterkt på siv-tuer. Det er likevel usikkert om det blir tilstrekkeleg til å minske førekomsten? Ein brukar har gitt oss tilbakemelding om at stripebeiting med islandshest kan vere effektivt mot siv. I Skottland er det er gjort interessante forsøk med bruk av geit mot lyssiv i beite.

Siv islandshest
Kan ein få beitedyr til å beite ned lyssiv og knappsiv?

Mekaniske tiltak

Mykje av opplagsnæringa finst i nedre del av overjordiske stenglar. Opplagsnæringa er lågast tidleg i august. Kutting på denne tida svekkar plantane meir enn kutting tidlegare i sesongen. Låg kutting, 2 cm over jordoverflata, svekkar plantane meir enn kutting i 5 cm høgde. Kutting ved 7 cm høgde eller høgare, har hatt forholdsvis liten verdi.

Vekstpunktet hos siv ligg om lag 2 cm under jordoverflata. Ved bruk av ryddesag med trekanta stålkniv, kan ein knuse vekstpunkta. Det kan vere mogleg å drepe tua på denne måten. Innsåing av grasfrø på svart areal blir tilrådd.

Kjemiske tiltak

To toårige forsøk vart gjennomført tidleg i juni i 2010-2011. Sju ulike middel, mengder og blandingar vart samanlikna. Høg mengde av MCPA, 400ml/daa, og Mekoprop, 450ml/daa, verka godt. Starane XL og Harmony hadde svak verknad.

Røynsler syner også at Roundup verkar bra i høg dose. Dette middelet drep graset i ein omkrins rundt tua. Ein må difor så inn nytt grasfrø her.

Det er nyleg innført ny maksimums-dose for MCPA og Mekoprop, 240 ml og 200 ml per daa. Skal ein oppnå bra verknad mot siv med låg dose, er det viktig å sprøyte ved rett utviklingsstadium, i periodar med varmt vér og god vekst hos plantane. Sprøyting frå midten av juni til første del av september, kan gi godt resultat. Plantane bør ha nok grøne stenglar til å fange opp sprøytedropane, og transportere midla til underjordiske stenglar og røter.

Det er tilrådd å blande MCPA og Mekoprop. Maksimumsdosen for blandinga er 150 ml + 150 ml per dekar. Dette blir ei sterkare blanding med tryggare verknad mot sivartane. Det må gå 2 veker mellom sprøyting og beiting.

Eit forholdsvis nytt handelspreparat har kome på marknaden, Duplosan Super. Det inneheld ferdig blanding av MCPA, Mekoprop og diklorprop. Maksimumsdosen for dette preparatet er høgare enn for dei andre alternativa. Tilrådd mengde av denne er 400 ml per daa. Det må gå 3 veker mellom sprøyting og beiting. Vi meiner Duplosan Super er det mest effektive middelet mot lyssiv og knappsiv på marknaden no.

Undersøkingar i andre land

Ei kartlegging i Nord-England syner stor auke i utbreiing av lyssiv frå 2005 til 2018. Forsøk i Skottland syner at sau i liten grad vil beite på siv. Derimot kan geit beite godt på lyssiv, om ho blir pressa. Ved høgt beitepress med geit oppnådde ein stor nedgang i førekomsten.