Gjennom fleire år har NLR Vest hatt fokus på samarbeidet mellom byggrådgjeving, økonomirådgjeving og HMS-rådgjeving. Vi ser på kostnader, inntekter og dekningsbidrag og prøver å optimalisere økonomien i drifta. Vi teiknar og dimensjonerer ombygging eller nybygg, og vi hjelper til med søknad, både til Innovasjon Norge og til kommunen. Vi kan ta på oss oppdrag med byggeleiing og SHA-plan, oppsett og koordinering, samt vernerundar etter ynskje. Nokre er til og med så heldige at dei får med eit råd eller to om grøfting og jordarbeiding, dersom ein av dei jordbrukskunnige rådgjevarane er med ute. Vi har og tidlegare halde felles kursdagar med tema «Bonden som byggherre», noko vi ynskjer å tilby på nytt i 2021.

Innan økonomi og driftsplanlegging kjenner nok mange til våre rådgjevarar Arve Arstein og Leif Trygve Berge. Begge har etter kvart god og lang røynsle med realistisk og nøktern driftsplanlegging. I tillegg har dei og god kompetanse innan jordbruksfaglege tema. På bygg har vi Hans Emil Dale på kontor i Selbu, men godt tilgjengeleg gjennom e-post, Teams og telefon. Hans Emil er mykje nytta til planlegging og dimensjonering, og ikkje minst ved byggesøknad. Olve Flo Sunde er nytilsett byggplanleggar, med solid kompetanse og erfaring frå eige byggfirma. Han vil ha kontor dels på Sandane og dels i Stryn. Innan HMS er det Kolbjørn Taklo som har formalkompetanse på SHA-plan og koordinering, men vi har som mål at dei to andre HMS-rådgjevarane også skal tileigne seg denne kompetansen.

1 bygg driftsplan HMS
Peter Allan Garlick baud på kaffi og varme frå bålpanna på Svoa. Vår nye byggrådgjevar Olve Flo Sunde til venstre. Alle foto: Kolbjørn Taklo

Innan byggrådgjeving er det slik at vi har eit tilbod om førstebesøk bygg til fast pris, uansett kvar du bur. I haust var Hans Emil, Arve, Olve og Kolbjørn på slikt besøk hjå Peter Alan Garlick på Svoa, inst i Naustedalen. Peter og kona Ginny kjem frå England, og kjøpte garden for ca. 10 år sidan. Etterpå kjøpte dei også eit nabobruk. Dei har no ca. 50 vinterfôra sauer, men ynskjer i framtida å ha både sau og ammekyr. Fjøsen er bygd i fleire etappar, der sauene står er han i god stand og er godt eigna til sau. Den andre delen har utfordringar i betongen, både i tak og veggar.

Det store spørsmålet for Peter er om han skal bygge nytt, bygge på, rive delar av bygningen og behalde det andre. Han har og ei gammal grindløe på den andre garden som han har lyst til å behalde det ytre skalet på, trass i eit betydeleg forfall på bygningen. For han er det viktig at det ikkje blir for dyrt, så han leitar etter løysingar som kan vere slik at han har råd til å vere meir heime på garden og mindre ute i anna arbeid. Dette er utfordrande, både byggteknisk og økonomisk. Å jobbe med gamle bygningar kan og by på mange tryggleiksutfordringar ved rehabilitering og riving. Det vil vere krav til utarbeiding av SHA-plan og førehandsmelding til arbeidstilsynet, anten han skal rive eller bygge. Peter veit enno ikkje kva han gjer, men hadde ynskje om å få lufte og drøfte ulike løysingar med rådgjevar. Vidare tilbod frå NLR si side vil vere å utarbeide driftsplan for alternative produksjonar, og lage skisser/teikningar på ulike løysingar.

Knut Karlsen i diskusjon med byggrådgjevarane om flyterenne eller gjødseltrekk.

2 bygg driftsplan HMS

Neste besøk var til Knut Karlsen på garden Fitje, eit stykke lenger nede i Naustedalen. Han har kjøpt nabogarden, og vil satse på ammekyr i ombygd båsfjøs frå 1980. Hans Emil har teikna og dimensjonert ombygginga, utifrå bilete og teikningar, og Arve har laga driftsplan. Knut har gode beite nær fjøsen, og vidare til utmark. Han vil satse på tyrolerfe, som er svært gode beitedyr. Han har så langt rive ut innreiing og gjort ein del vedlikehald og måling utvendes. Han var overraska over god tilstand på råma nede, den var trykkimpregnert og like god, trass i til dels store snømengder oppetter veggane vinterstid. Der er ikkje kjellar under fjøsen, møka har vore skrapa med måkeanlegg til djup oppsamlingskum i enden på fjøsen, og derifrå pumpa opp i utvendes gjødselsilo. Spørsmålet som oppstod under besøket er om han skal lage djupe flyterenner, eller grunnare renner og gjødseltrekk. Pengane fer fort anten ein bygger nytt eller rehabiliterer. Knut har difor mål om å auke eigeninnsats for å halde kostnadane nede. Dette er sjølvsagt bra for økonomien, men kan vere utfordrande i høve tryggleik og helse, med mykje åleinearbeid og lange arbeidsdagar. Vidare framdrift i dette prosjektet er søknad til Innovasjon Norge når portalen opnar 01.desember. Dette får han kyndig hjelp til frå Arve.

Romsleg og luftig hjå Per Ravndal, legg merke til vern over armeringsjarna.

3 bygg driftsplan HMS

Siste stopp for dagen var ein snarvisitt hjå Per Ravndal i Sundsdalen. Han bygger ny ammekufjøs, kjellar, veggar og tak er ferdig. Ved besøket i haust stod han klar til å støype golv i kalvegøyma, og få inn panoramavindauge og kledd siste endeveggen. Så er det berre innreiinga att, før dyra kan flytte inn. Dette er eit kaldfjøs, og det vert både luftig og romsleg, i motsetnad til den gamle båsfjøsen han har brukt tidlegare. Per har brukt mykje tenester frå NLR Vest på dette prosjektet, planteikningar, dimensjonering, driftsplan og byggesøknad. Sjølve bygginga har han i all hovudsak utført sjølv, med nokre få innleigde. Vi besøkande vart imponerte, både av bygget og framdrifta til Per. Frå HMS-hald fekk han skryt for å ha dekka oppstikkande jarn, medan byggplanleggarane lurte på om taket var godt nok sikra mot vind.

4 bygg driftsplan HMS
Kjem vi inn ny fjøs før vinteren tru? Per Ravndal saman med nokre av dyra sine.