Mange skal ha ein ny ungdom med som avløysar i drifta no i eit travelt sumarhalvår. Då er det fleire ting å passa på, enten du skal ha hjelp i siloen, til å køyra rundballepakkaren eller førefallande gardsarbeid. For ein del ungdom kan dette vera fyrste sumarjobben dei har, medan andre er meir røynde.

Finn ut kva dei kan ifrå før, kva erfaring har dei med seg? Gje god og rett opplæring, og gjerne i fleire omgangar og med repetisjonar. Ha fokus på å læra vekk gode rutinar og godt samarbeid. Ein avløysar som seier nei til ei oppgåve som er for krevjande, er ein god og trygg avløysar å ha. Nokre ungdommar kan vera i meste laget ivrige etter å ta tunge tak og jobba på. Då må du som arbeidsgjevar avgrense litt.

Sjå over kva sertifikat vedkomande har, og skriv skjema for dokumentert opplæring etter kvart som det blir gitt for ulikt utstyr. Ta kontakt med oss HMS-rådgjevarar om du manglar skjema.

Det finst nokre reglar frå arbeidstilsynet som gjeld barn og unge som også landbruket må forhalda seg til:

  • Ungar under 13 år kan hjelpa til heime på garden med egna oppgåver.
  • Ungdom frå 13-15 år har lov til å gjera lett arbeid, arbeidsgjevar må vurdera kva som er lett.
  • Ungdom under 15 år må ha skriftleg samtykke frå foreldre før dei kan byrja i arbeid.
  • Ungdom frå 15-18 kan gjera meir, men dei kan ikkje gjera arbeid som kan vera skadeleg for dei.

Viktig å merka seg at barn og ungdom under 18 år ikkje kan gjera farleg arbeid. Døme på dette er bruk av mange typar kjemikaliar og plantevernmiddel, samt bruk av farlege maskiner. I landbruket er det mykje åleinearbeid, og ein del som skal gjerast er ikkje egna til åleinearbeid for ungdom. Om du lurar på kva som er farleg arbeid, eller vil ha hjelp med å vurdera risikoen med eit arbeid, ta gjerne kontakt med din HMS-rådgjevar.

For arbeidstid gjeld fylgjande:

Under 15 år:

  • Maks to timar på skuledagar, sju timar på fridagar, og maks 12 timar per veke.
  • I feriar gjeld sju timar i døgnet, maks 35 timar per veke.

Frå 15-18 år:

  • Åtte timar per dag, maks 40 timar per veke.

Ingen under 18 år har lov å jobba overtid.

Image
Barn kan fint hjelpa til på gard med stadig meir ansvar etter som ein veks!