Steinsund ligg i kystkommunen Solund. Det er ikkje sjølvsagt at vi finn mjølkeproduksjon i ein slik fjøs her ute i havgapet. Naturen består av kupert terreng med fjellknausar og vikar og heller lite med dyrka mark.

Garden i Steinsund vert i dag driven av Hans og Kari Steinsund, sonen Ingemund Steinsund med sambuar Gunn Marit Fossedal.

I 2015 investerte familien Steinsund stort i ein ny og moderne lausdriftsfjøs med robotmjølking. Grovfôret vert tildelt med fullfôrblandar og automatisert takutleggar. No, 7 år seinare, har dei om lag 60 storfe med ein mjølkeproduksjon på 180.000 liter pr. år. Kjøtleveransen på ca. fem tonn for året.

Drift av fjøsen går no godt, men det har teke ein del tid å lære bruken av utstyret. Garden i Steinsund har vore i familien gjennom fleire generasjonar, og det er framleis Hans og Kari som driv gardsdrifta, men neste generasjon er aktivt med i driftsopplegget.

Det vert kjøpt ein del grovfôr, og ein har avtale med to grovfôrprodusentar for levering. Dei har eigen lastebil og hentar rundballane sjølve, noko som er viktig for kostnadane.

Bilde 33 png
To interesserte gutar i fjøsen. Johannes Steinsund til høgre saman med naboguten Audun Magnus Pollen Engdal.

Sonen Ingemund arbeider offshore, men hjelper til med fjøsstell, slåttearbeid og vedlikehaldsarbeid i friperiodane. Gunn Marit jobbar i Havtal som er eit rekneskapsfirma. Ho har ansvaret for rekneskap, dataoppfølging og diverse rapporteringar på garden. Sonen til Gunn Marit og Ingemund, Johannes hjelper til med dataregistreringar i fjøsen, og fôring av dyra.

Familien Steinsund angra ikkje på at dei satsa på moderne teknologi, og robotmjølking. Utbygginga har nok vore med på å sikre vidare drift på garden. Med lausdrift får dyra gå fritt, kan bli mjølka, ete og kvile når dei vil. Dyra likar godt «Spaavdelinga» med den populære kløkosten.

I seinare tid er den eldre driftsbygningen oppgradert med ny innreiing. Her er bingar til kalvane med god liggeplass. Desse går på fôringsautomat fram til dei er 2,5 mnd. gamle. Kari har hatt ansvaret for kalvefôring i 40 år, så med automaten har ho fått oppleve ei ny tid.

Det er lite areal tilgjengeleg i nærleiken, og transport er kostbart. No har dei investert i gjødselseparator som vil redusere husdyrgjødselmengda med 20-30 %. Den faste delen av gjødsla vert brukt som jordforbetring.

Framover er planen å få lage veg inn i beiteområdet slik at dette vert meir tilgjengeleg for kultivering og gjødsling. Solund har mildt kystklima, og dei vurderer å starte med ammekyr for å utnytte beiteressursane betre. Desse dyra har ein lenger beitesesong slik at det trengst mindre grovfôr til innefôring. Med dette får dei ein tilleggsproduksjon til mjølk som kan gje betre inntektsgrunnlag.

Familien Steinsund har i dag ei effektiv drift. Tidlegare drift med båsfjøs, og mykje meir manuelt arbeid, kan ikkje samanliknast med drifta i den nye lausdriftsfjøsen. No er det meir oppfølging av buskapen med dyreflyt, mjølkekvalitet, brunst og fôring. Dette tek også tid, men er viktig for å få eit godt driftsresultat på garden.

Bilde 2
Hans Steinsund (t.h.) saman med sonen Ingemund. Foto: Gunn Marit Fossedal