I regi av Karbonfangstprosjektet (2019-2023) er det teke ut jordprøvar frå 6 teigar på økologisk drive areal og frå 6 teigar på konvensjonelt drivne bruk. Jordprøvane vart sendt Mikroliv (ved Katelyn Solbakk) for mikroskopiering. Resultatet viser at det var mykje meir sopp i økologisk enn konvensjonelt dyrka jord. Det var også fleire eincella organismar (mikroskopiske) ved økologisk drift. Mengde bakteriar var om lag lik ved begge driftsmåtane. Sopp er ikkje glad i mineralgjødsel og det kan mellom anna vera grunn til mindre sopp i konvensjonelt dyrka jord.
I jorda lever det mange ulike organismar mellom anna, bakteriar, soppar, protozoar (eincella dyr), nematodar, leddyr og meitemark. Bakteriane er små, men talrike og har fleire oppgåver i jorda. Dei er sentrale i nedbryting av organisk materiale. Sopp veks vanlegvis med lange trådar kalla hyfar. Sopp bryt også ned organisk materiale spesielt vanskeleg nedbrytbart materiale som lignin. Både bakteriar og soppar er med på å byggja jordaggregat og stabilisera dei, og auka jorda si evne til å halda på vatn som og dermed gje vasstilgang til plantane i tørre periodar. Ulike mikroskopiske eincella organismar lever av bakteriar, sopp og ulike typar organisk materiale. Dei er viktige i frigjering av næringsstoff (mineralisering) som gjer næringsstoffa tilgjengeleg for plantane og andre organismar i jorda. Nematodar kan vera opp til 1 mm lange og lever i vassfilmen rundt jordpartiklar og røter. Dei er viktige for nedbryting av organisk materiale og sirkulering av næringsstoff i jorda. Det finst også nokre sjukdomsframkallande nematodar.
Leddyr (insekt) varierer i storleik frå mikroskopiske til fleire millimeter lange. Spretthale er den mest talrike av leddyra i mange landbruks- og utmarksareal. Dei bryt ned daudt plantemateriale og er viktige i sirkulasjonen av næringsstoff og avgrensar sjukdomar som skuldast sopp. Så er det den velkjende meitemarken som omfattar fleire arter, og som er svært gode «jordarbeidarar».
NORSØK (www.agropub.no) har undersøkt jordlivet i økologisk og konvensjonelt dyrka bringebærfelt og funne at biomassen av bakteriar og sopp var 30 % høgare i det økologisk dyrka bringebærfeltet. Det vart brukt ein annan målemetode i den undersøkinga enn det som vart gjort i vårt lokale prosjekt.
Andre granskingar viser også liknande resultat. Mellom anna har forskarar i Sveits gjennomgått ei rekkje prosjekt gjennomført i ulike delar av verda. Dei fann at økologisk dyrka jord inneheldt meir karbon og hadde eit meir aktivt jordmiljø enn konvensjonelt driven jord (www.agropub.no).
Her kan du høyre meir om prosjektet: