Både haust- og vårbrakking krev tilstrekkeleg vekst i plantane. Rotugras må ha nok bladmasse (4-5 blad, min. 10-20 cm høgde) eller stor nok rosett for å oppnå god verknad av brakkinga. Sprøyter ein for tidleg etter vekststarten, vil verknaden av sprøytinga bli betydeleg redusert og effekten blir dårleg. Hovudårsaka er at fotosyntesen og stoffomsetninga i ugraset ikkje er kome tilstrekkeleg i gang.

Kveke brakking
For tidleg brakking: Kveka var ikkje komen opp ved sprøyting, og har overlevd. Her spirer ho grøn og og frodig.

Kveke bør ha 4-5 blad- ver tolmodig!

I den fyrste vekstfasen om våren, fram til kveka har 2-3 blad, brukar kveka opplagsnæring frå underjordiske plantedelar. Sprøytinga i denne fasen har ikkje tilstrekkeleg verknad, sidan sprøytemiddelet ikkje blir transportert ned til røtene. Kveka er svakast på kompensasjonspunktet (4-5 blad) når næringsreservane i rota er på eit minimum. Fotosyntesen produserer ikkje meir energi enn det planten brukar til vekst. Sprøyter ein når kveka har 4-5 blad, blir preparatet frå bladverket frakta nedover i stengelen til stengelutlauparane og rotdelane, og heile planten døyr. Dette gjeld både sprøyting om våren, eller på gjenvekst etter slått.

Komp kveke
Utviklingsstadium og transportretning i kveke. Vent med sprøytinga til plantane har 4-5 blad!

Val av middel

Det er fleire glyfosatpreparat på marknaden. Normal dose for å ta kveke og anna gras er ca. 300-400 ml pr. dekar. Roundup Flex er meir konsentrert enn dei andle midla, difor trengs mindre prparat pr. dekar. Les etiketten!

Glyfosat i normal dose har ikkje fullgod verknad på ein del rotugras som f.eks. høymole, hundekjeks og krypsoleie. Ein kan då anten bruke dobbel dose (dvs. 600-700 ml pr. dekar), eller blande med eit sprøytemiddel mot dei problemugrasa ein har i enga. Les etiketten og hugs at blanding av fleire preparat inneber risiko for at verknaden av kvart enkelt middel ikkje blir like bra som om dei blir brukt kvar for seg.

Hundekjeks brakking
Brakking med glyfosat åleine tek ikkje knekken på rotugras. Hundekjeks har overlevd brakkinga.

Les meir om kveke her.