Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom, kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermiddel. Føresetnaden for å få slik autorisasjon er at ein:

  • Har gått på tilleggskurs for gnagarnedkjemping og har bestått eksamen (dette kurset).
  • Eig eller leiger ein landbrukseigendom
  • Har gyldig autorisasjon for bruk av plantevernmiddel

Autorisasjonen kan kun nyttast på eigen eller leigd landbrukseigedom. Veksthus inkludert. Gnagarmidla kan berre brukast i og rundt bygningar. Ikkje i åker eller eng. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga, vil stå på gnagarmidlas etikettar.

Regelverk

Reglane for autorisasjon for bruk av gnagarmiddel er tatt inn i "Plantevernforskriften".

Kurspris

Medlemmer i Landbruk Nordvest kr. 2000,-, ikkje medlemmer kr. 3.000,-. Kurspris inkluderer lærebok, eksamensavgift, middag, kaffi og litt å bite i. Kurset har 5 timer teoriundervisning og vert avslutta med 1 time eksamen.

Program

  • 09.30 - Ope for frammøte og kaffi
  • 10.00 - Undervisning
  • 12.20 - Lunsj/middag
  • 13.00 - Undervisning
  • 14.45 - Undervisningsslutt - kaffipause
  • 15.00 - Eksamen, 1 time

Påmelde deltakarar vil få kursheftet tilsendt på E-post slik at ein før kurset kan førebu seg til eksamen. Ei trykt utgåve vert delt ut på kurset.

Eksamen er ein del av kurset. Den kan om ønskeleg i staden avleggast seinare, men då må ein sjølv gjere avtale om dette med det lokale landbrukskontoret.

For påmelding kan ein nytte elektronisk påmeldingsskjema eller ta kontakt med Bjørn Steinar Skarbø.