Teams 17. og 18. oktober kl. 19:30-22:30. Du må delta på begge kveldar for å få gå opp til eksamen.
Kommunen kallar inn til eksamen etter fullført kurs.
Lærebok: Kurskompendie vert sendt ut på e-post umiddelbart, i eposten som stadfestar påmeldinga. Sjekk i søppelposten dersom du ikkje har fått den, eller kontakt underteikna. De treng ikkje skrive ut dette då alle som ynskjer det, kan få tilsendt heftet i bokform. Det kostar kr 100,- i porto å få tilsendt heftet i posten.
Vilkåra for å få autorisasjon for kjøp og bruk av gnagarmiddel er at ein:
- har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
- har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
- eig eller leiger ein landbrukseigedom
Kontakt kommunen din dersom du er usikker på om du kvalifiserer til autorisasjon.
Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette.
Fagleg sett er det same innhald som autoriserte skadedyrfirma må ha når det gjeld gnagerdelen. Kurset har fokus på integrert skadedyrbekjemping. Det betyr at gnagerproblematikk må førebyggast og løysast med feller og andre tiltak først. Gift er siste utvei. For å kunne drive integrert skadedyrbekjemping treng vi å kunne litt om biologien til skadegjerarane. Under kurset lærer du om åtferden til gnagarar og om korleis ein skal drive førebygging.
Statsforvaltaren og/eller landbrukskontora administrerer ordninga saman med Mattilsynet, og er ansvarleg for eksamen og utsteding av sertifikat. Sertifikatet varer i ti år og må fornyast med nytt kurs.
Pris, inkludert kursmateriell og eksamensgebyr (eks mva):
- Pris for medlem kr 2200
- Pris for andre kr 3500
- Pris for tilsendt bok kr 100 (porto)