Fredag 24. mai inviterer me igjen til ny grovfôrdag på Særheim. Det blir program med ulike stasjonar der me diskuterer og ser på faglege utfordringar og aktuelle problemstillingar. Det vil vera på plass rådgjevarar innanfor fagområda grovfôr, klima, maskinteknikk og HMS.

Fatland kjem og grillar for oss!

Program:

  • Jordpakking – demonstrasjon av dekktrykkregulering
  • Demonstrasjon av ulike vekster sitt rotsystem
  • Kløver og luserne, aktuell proteinkjelde?
  • Innføring om gjødselgassmålarar og gassmasker
  • Maskinutstilling av bla. tvillinghjul
  • Mogleg å få kontrollert brannslokkingsapparat, bestill gjerne kontrollen her Påmelding kontroll brannslokkingsapparat

Velkommen!

20230526 122741
20230526 105241
20230526 085415
20230526 124054