Grovfôrdag Særheim 16. mai
Fredag 16.mai inviterer me til grovfôrdag på Særheim. Nortura kjem og grillar for oss.
Det blir ulike postar der me ser på tidsaktuelle faglege tema. I tillegg vil det bli mogleg å få kontrollert brannslokkingsapparat, interesse for kontroll bør meldast på forhånd via skjema/påmeldingslenke.
Det vil vera med rådgjevarar innanfor fagområda grovfôr og HMS.
Program:
10:00- 11:30
-Felles demonstrasjon av rundballeveging, måling av TS, berekne avling/dosering ensileringsmiddel v/NLR
-Ulike ensileringsmiddel v/Addcon
-Ny gjødselbrukforskrift v/NLR
-Raigras eller strandsvingel i 3 eller 4 slåtter? v/NLR
Ca 11:30
Grilling v/Fatland
Det blir mogleg å få kontrollert brannslukkingsapperat formiddag og ettermiddag, sjå skjema/påmeldingslenke.
Velkommen!