Kan restar frå havet og husdyrgjødsel bli til effektiv og miljøvennleg gjødsel for korn og potet? Det undersøker vi nå i feltforsøket som er del av MinOrg-prosjektet – og du er hjarteleg velkomen til markdag! På Fale i Sunndal testar vi ut ei ny type mineralorganisk gjødsel laga av biorest frå husdyrgjødsel og fiskeslam, blanda med marine restråstoff. Denne typen resirkulert gjødsel kan bli eit viktig bidrag i framtidas sirkulære landbruk – men kva seier forsøka så langt?
Program for markdagen:
• Mineralorganisk gjødsel – kva er vitsen?
Børge Rød, Havila og NorBio
• Kva ser vi i feltforsøket så langt?
Frode Grønmyr, Norsk Landbruksrådgiving
• Gjødsel frå havet – også til potet?
Anne-Kristin Løes, NORSØK
Praktisk info:
Feltet ligg ved kornåkeren på Fale. Nedkøyring frå østsida av åkeren, men merk at det er begrensa plass for parkering. Det kan bli aktuelt å parkere ved potetbua.
Koordinatar til feltet:
https://maps.app.goo.gl/aDdJXvQSLDuWviRB9
Du kan lese mer om prosjektet her

Prosjektet er finansiert med midler frå Møre og Romsdal fylkeskommune