Ryum blomst liggande
Dei urterike slåttemarkene på Ryum er eit resultat av langvarig slåttebruk. Foto: Lena Abel

Velkommen til ein triveleg dag i artsrik slåttemark saman med andre som er interesserte og tek vare på denne viktige naturtypen!

Statsforvaltaren i Vestland og Norsk Landbruksrådgiving inviterer til fagdag i artsrik slåttemark i samarbeid med vertskapet Kristin Ryum og Ørjan Totland, fredag 04. juli, kl. 11.00. Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Frammøte: Ryavegen 62, 5743 Flåm

OBS! Det er avgrensa parkeringsplassar i tunet. Det er lurt med samkøyring frå Flåm kyrkje, der er det ein parkeringsplass. Vi sender ut meir informasjon til alle påmelde seinare.

Program:

  • Informasjon om slåttemarka på Ryum
  • Skjøtsel og utfordringar i artsrik slåttemark
  • Effekt av rydding/restaurering
  • Utstyr for skjøtsel av slåttemark
  • Pollinerande insekt: korleis telje, identifisere (Ørjan Totland, UiB)
  • Ser på aktuelle plantar, bli kjent med digitale verktøy inkl. «plante-/ insekt-kviss»

Servering.
Avslutning ca. kl. 15.00

Ngrkp3di

Påmelding innan fredag, 27. juni til 46236855, lena.abel@nlr.no eller:

Meld deg på her

Arrangementet er gratis for alle og arrangert av NLR på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland.