I samarbeid med Gulen og Masfjorden Bondelag vert det årskontroll av brannsløkkeapparat fredag 22.08.25 på følgande tider og stader:
- Kl.09.30 til ca 12.30 hjå Jon-Ivar Steine i Eidsbotn
- Kl 13.30 til 16.30 hjå Sjur Haugland i Brekke
Påmelding innan 20.august til Normann Grimen tlf 91636593
Alle handsløkkeapparat i næringsverksemd skal kontrollerast årleg av kompetent, sertifisert person, sjå KSL sjekkliste HMS pkt 10.6.6. Kontrollen vert utført etter Norsk Standard (NS) 3910 og 671-3.
- NB 1! Sjekk gjerne produksjonsdatoen på apparata før du tar dei med til kontroll. Du vert fakturert for kontroll sjølv om dei ikkje vert godkjende.
- NB 2! Apparata må vere fri for skit og smuss utvendes for å kunne kontrollerast.
- NB 3! Pulverapparat og CO2 frå 2015 og skumapparat frå 2020 er for gamle og må ha service, eller bytast.
- NB 4! Nye apparat i næring skal også kontrollerast og få på merkelapp og ny plombering
- NB 5! For sløkkeapparat i hus er det krav om kontroll kvart 5. år. Når sjekka du alder på dei sist?
Eg har med ein del nye pulverapparat for sal.
Pris på kontroll:
- Medlemspris NLR, per sløkkeapparat kr 110,-
- Andre 220,- pr apparat
Kolbjørn Taklo - Kompetent og sertifisert
Mobil: +4791396560
