I samarbeid med Gulen og Masfjorden Bondelag vert det årskontroll av brannsløkkeapparat fredag 22.08.25 på følgande tider og stader:
Kl.09.30 til ca 12.30 hjå Jon-Ivar Steine i Eidsbotn
Kl 13.30 til 16.30 hjå Sjur Haugland i Brekke
Alle handsløkkeapparat i næringsverksemd skal kontrollerast årleg av kompetent, sertifisert person, sjå KSL sjekkliste HMS pkt 10.6.6. Kontrollen vert utført etter Norsk Standard (NS) 3910 og 671-3.
NB 1! Sjekk gjerne produksjonsdatoen på apparata før du tar dei med til kontroll. Du vert fakturert for kontroll sjølv om dei ikkje vert godkjende.
NB 2! Apparata må vere fri for skit og smuss utvendes for å kunne kontrollerast.
NB 3! Pulverapparat og CO2 frå 2015 og skumapparat frå 2020 er for gamle og må ha service, eller bytast.
NB 4! Nye apparat i næring skal også kontrollerast og få på merkelapp og ny plombering
NB 5! For sløkkeapparat i hus er det krav om kontroll kvart 5. år. Når sjekka du alder på dei sist?
Eg har med ein del nye pulverapparat for sal.
Prisar: Medlemspris NLR, per sløkkeapparat kr 110,- Andre 220,- per apparat
Kolbjørn Taklo. Telefon 91396560.
Kompetent og sertifisert