Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, til ein spennande webinarserie om kystlynghei – ein av dei mest verdifulle og trua naturtypane vi har.

Gjennom tre digitale samlingar får du fagleg påfyll, praktiske råd og inspirasjon frå forskarar og erfarne skjøttarar.

Tidspunkt

Dei 3 fyrste måndagane i november.

Praktisk informasjon

  • Webinara er gratis, men krev påmelding.
  • Lenkje til webinara blir sendt ut dagen før til dei som har meldt seg på.
  • Det vert høve til å stille spørsmål etter kvar presentasjon.
  • Det vil bli gjort opptak av sjølve presentasjonane som vil bli sendt ut i etterkant og være tilgjengelege i ein avgrensa periode. Det vil ikkje bli gjort opptak av diskusjonar og spørsmål.

Målgruppe

Alle kan delta, men webinara rettar seg særleg mot bønder, grunneigarar og andre som allereie driv med skjøtsel av kystlynghei, eller som vurderer å starte opp.

Programoversikt

Webinar 1

Dato: Måndag 3. november
Tid: 20:00–21:00

Program:

  • Velkomen og presentasjon av program, med bilete frå kystlynghei i Møre og Romsdal v/ Marita Fjelle Hegg
  • Kort om statsforvaltarens rolle knytt til oppfølging av kystlynghei, og kva vi kan bidra med v/ Marita Fjelle Hegg
  • "Kystlynghei – korleis blir dette ein god beiteressurs?" v/ Liv Guri Velle, NIBIO

Liv Guri Velle er tilsett i NIBIO, og har jobba med forsking og formidling av kystlynghei i over 20 år.

Ho er særleg interessert i skjøtsel av naturtypen, og har ei doktorgrad om brenning og beitebruk av kystlynghei langs kysten. Forskinga hennar handlar i stor grad om korleis arealbruksendringar- og klimaendringar påverkar lyngheia. Velle sit i Artsdatabanken si ekspertgruppe for raudlistevurdering av semi-naturlege naturtypar, og ho er nyleg valt til leiar for det Europeiske lyngheinettverket.

Foredraget vil innehalde ny kunnskap om skjøtsel av kystlynghei, med vekt på brenning og beiting – og korleis desse skjøtselsformene kan optimaliserast både med tanke på lyngheidrift og naturtypen. Lyngheisyklusen vil bli presentert og forklart i forhold til praktisk drift.

Det vil bli gitt konkrete råd om kva ein skal sjå etter i eiga lynghei for å kunne lykkast med berekraftig skjøtsel. I tillegg vil det bli gitt ei kort orientering om siste nytt rundt raudlistearbeidet som er svært relevant for skjøtsel av naturtypen.

Webinar 2

Dato: Måndag 10. november
Tid: 20:00–21:00

Program:

  • Velkomen v/ Marita Fjelle Hegg
  • «Villsaudrift i kystlyngheia – ei praktisk tilnærming» v/ Daniel Fjørtoft, Uksnøy villsaulag.

Daniel Fjørtoft vil fortelje om villsaudrifta på Uksnøya og om praktisk skjøtsel av beita. Spesielt vil han ta opp kva som skal til for å kome i gang med lyngbrenning.

Sjølv seier han: "30 års villsaudrift og 20 år med svidde nasehår har sett sine spor. Eg deler erfaringar frå opp- og nedturar frå ekstensiv villsaudrift i kystlyngheia på Uksnøya."

Webinar 3

Dato: Måndag 17. november
Tid: 20:00–21:00

Program:

  • Velkomen v/ Marita Fjelle Hegg
  • «Biologisk mangfald av jordliv og insekt i kystlyngheia» v/ Reidun Pommeresche, NORSØK
  • «Klima og karbonlagring i kystlynghei» v/ Siri Vatsø Haugum, Lyngheisenteret

Reidun Pommeresche arbeidar med biologisk mangfald av insekt og småkryp, jordstruktur, meitemark, og jordhelse i landbruksjord. Ho driv med forsking og formidling ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) på Tingvoll. I sitt foredrag vil ho presentere resultat frå undersøkingar på Nerlandsøya.

Siri Vatsø Haugum er tilsett ved Lyngheisenteret og er nasjonal koordinator for kystlynghei. Forskinga hennar fokuserer på korleis økosystemet i kystlyngheia reagerer på klimaendringar og endra arealbruk, med særleg vekt på brann, tørke og karbonlagring.

I foredraget tek Siri oss med inn i karbonet sitt krinslaup i kystlyngheia. Er lyngheia eit karbonlager? Er det klimaskadeleg å brenne lyng? Og burde ein eigentleg heller plante klimaskog?

Foredraget syner fram forsking frå kystlyngheier på vestlandet, og peikar på kva vi veit og ikkje veit om kystlyngheia i eit klimaperspektiv.

Påmelding

Det er elektronisk bindande påmelding etter påmeldingsfristen. Registreringsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting

Deltakinga blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse.