Alternative dreneringsmåtar på myr for betre agronomi og redusert klimagassutslepp
Romsdalsmuseet i Molde 19. november kl 10.30-15.30, med streaming til lokale og sosiale møter på Storslett, Leknes, Kleiva, Bodø og Høgtun.
Temaer for dagen:
• Myrjord i regionen og nasjonalt
• Dreneringsmåtar på myr
• Hydrologi og jordforhold
• Karbonbalanse og klimagassar frå organisk jord
• Avling og lønnsemd ved ulike dreneringsmåtar
Det blir servering.
Deltaking og lunsj er gratis.
Program:
Møteleiar Sissel Hansen, NORSØK
10:30 Oppmøte, kaffi og litt attåt.
11:00 Velkommen og info om prosjektet Peatimprove v/Synnøve Rivedal, NIBIO
11:15-11:45 Myrjord i regionen og nasjonalt v/ Geir-Harald Strand, Kart og statistikk, NIBIO
Kor mykje organisk jord er det i Norge og i regionen?
Definisjon og klassifisering av myrjord/organisk jord og implikasjonar for jordbruksdrift.
Kva finst under torvlaget?
11:45-12.15 Hydrologi i myrjord v/ Miyuru Gunathilake og Bjørn Kløve, Hydrologi og vannmiljø NIBIO
Oversikt over ulike dreneringsmetodar på myr.
Korleis påverkar dei ulike dreneringsmetodane grunnvasstand, jordfukt og jordfysiske forhold?
12:15-12:45 Karbonbalanse og klimagassar frå organisk jord v/Mounir Takriti, Hydrologi og vannmiljø NIBIO og
Peter Dörsch, Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting, NMBU
Resultat frå målingar i forhold til forventa utslepp.
Kan omgraving redusere utsleppa?
12:45-13:00 Spørsmål/diskusjon
13:00-14:00 Lunsj
14:00- 14:30 Engavling ved ulike dreneringsmetodar på myr v/ Synnøve Rivedal, Fôr og husdyr, NIBIO
14:30-15:00 Erfaringar og lønsemd ved ulike dreneringsmetodar på myr v/Torbjørn Haukås, Landbruksøkonomisk analyse, NIBIO
15:00-15:30 Oppsummering og diskusjon
Les mer om prosjektet her

