Tidspunkt/ stad:
Fredag 21.11., kl. 17-21, 6823 Sandane
Onsdag 26.11., kl. 16-20, 5705 Voss
Dette kurset er eit fysisk kurs. Ta kontakt med Lena Abel, 46236855, lena.abel@nlr.no, dersom du ynskjer å vere med, men ikkje får det til å møte fysisk.
Innføringskurs i målretta beiting:
Oppdag målretta beiting – og spar pengar medan du gjer noko godt for klimaet!
Er du lei av at areala dine ikkje produserer det du trur dei kan? Trur du at alle “nye metodar” berre betyr meir arbeid og auka kostnadar? Har du beitedyr som beitar på innmarksbeite eller slåtteareal? Då er dette kurset for deg.
Dette innføringskurset vil fokusere på:
- Kva målretta beiting er.
- Korleis du kan kome i gong med målretta beiting.
- Praktiske erfaringar og forskingsresultat, både frå Noreg og frå utlandet.
______________________________________________________________________________________________________________________
Om kurshaldaren:
Tor Jørgen Haagensli er anerkjend kurshaldar innan målretta beiting og heilskapleg gardsplanlegging (Savory Institute, holistic management).
Saman med kona Gunn Skrede driv han Langeset Gard i Stryn kommune. Paret lukkast med heilskapleg gardsplanlegging og brukar beitedyra målretta i landskapsplanleggingsprosessen.
Du kan lese artikkelen "Tilbake til røtene" om Gunn og Tor Jørgen på side 35- 37 i NLR-magasinetnr1_2025_nett.pdf
Instagram: Langeset Gard, (@langesetgard) • Instagram photos and videos
_______________________________________________________________________________________________________________________
Målretta beiting er ikkje eit eksperiment – det er ein naturinspirert metode som langsiktig:
- Aukar grasproduksjonen utan å tømme lommeboka på gjødsel.
- Gjer jorda sunnare, med betre jordstruktur og mindre avrenning.
- Styrker dyrevelferda, fordi beita blir rotert smart, akkurat som naturen gjer det.
- Bidreg til klimaet ved å lagre karbon i jorda, redusere utslepp av klimagassar og auke artsmangfald.
Hovudprinsipp
Ved målretta beiting blir dyra flytta ofte mellom beiteområde for å unngå overbeiting, og det går lengre tid enn i «konvensjonelle» beitesystem, før dyra kjem tilbake. Dette gir plantane tid til å vekse att og utvikle djupare røter. Fleire dyr beitar på små område samstundes, noko som etterliknar naturlege flokkar. Kvar beiteflekk får ein kvileperiode tilpassa plantevekst, jordfukt og årstid. Avgjerder vert tekne ut frå observasjonar og data, slik at bonden kan justere rotasjon, varigheit og dyretettleik etter beitetilstand, klima og eigne behov.
Bli med på innføringskurset – og sjå korleis beiting kan bli både meir lønsam og meir klimavenleg!
«Det finst ikkje forsking/ prosjekt» seier du? Tja, seier vi!
Les meir her:
Noreg: Målrettet beiting for bedre jord- og… | Norsk Landbruksrådgiving.
Beiter som blir bedre år for år | Norsk Landbruksrådgiving.
USA: Published Research | AMP Research, Soil Health, And Grazing
Storbritannia: McDonald's AMP grazing project - FAI Farms
FAI Farms har gjennomført eit fireårig prosjekt frå 2020 til 2023 i samarbeid med McDonald’s UK, der dei implementerte og dokumenterte effekten av målretta beiting på ein kommersiell storfeproduksjon i Oxfordshire. Klimamessig kan Oxfordshire samanliknast med Sørlandet/ Agder. Prosjektet hadde som mål å samle inn detaljerte data innan miljø, etikk og økonomi for å vurdere effekten av målretta beiting. Resultata viser at overgangen til målretta beiting førte til positive resultat:
- Miljø: Jordas vassinntrengingshastigheit auka i gjennomsnitt tre gonger samanlikna med før målretta beiting, med enkelte felt som hadde meir enn 100 gonger raskare infiltrasjon. Artsmangfaldet blant fuglane auka, og modelleringa tyder på at utslepp frå storfeproduksjonen er heilt kompensert gjennom karbonlagring i beitemarka.
- Etikk: Alle tilsette på garden ville halde fram med å implementere regenerative landbrukspraksisar i fem år framover. Høge nivå av positive sosiale åtferder i storfebesetninga tyder på god dyrevelferd, i tillegg til minimale behov for antibiotikabruk.
- Økonomi: Redusert slaktealder og økte daglege tilvekstar.
FAI Farms: Our third year of Adaptive Multipaddock (AMP) Grazing
Skeptisk? Dokumentarserien kan overraske deg: Roots So Deep Documentary | Regenerative Farming And Climate
