Ein ser at kvaliteten på håbeite om høsten taper seg raskt og det kan bli knapt med næring på berre håa. Om det er knapt òg med vårbeite vil eit år med grønfôr ikkje løyse problemet, om ein da ikkje har god overvintring og kan bruke fleireårig raigras. Det vert viktigare etterkvart no å sjå på dei ressursane ein har på garden og kanskje tenkje nytt i høve til ein del ting.

God bruk av husdyrgjødsel

Grønfôret treng godt med næring og her gjer husdyrgjødsla seg godt. Har ein mykje fast/halvfast saumøkk vil det vere ei god utnytting å pløye noko ned i ein grønfôråker. Å auke åkerarealet med noko grønfôr i vekstskifte det eine året før gjenlegg, vil gjere at meir av møkka blir brukt på åker. Det kan vere ei utfôrdring å nytte slik gjødsel på enga med fare for dårleg spreiing og høsting etterpå. Også med tanke på å ta godt vare på næringsstoffa i gjødsla og hindre spreiing av ugras vil eit år med grønfôr i vekstskifte vere positivt for mykje.

IMG 4311
God utnytting: Grønfôr nyttar næring frå husdyrgjødsel godt. Difor kan det vere eit godt alternativ å ha meir opeåker for betre utnytting av husdyrgjødsel – særleg om alternativet er å spre fdstgjødsel på eng. Foto: Morten Livenengen

Prioritere dei som treng det beste beitet

Slaktmodne lam skal til slakteriet (plukkslakting). Resten av slaktlamma skal på eit godthøstbeite, dvs fulldyrka eng som er gjødsla eller grønfôr. Ein bør difor skille vaksne og lam slik at ikkje dei vaksne et det beste fôret no. Dei vaksne greier seg på kulturbeiter eller dei kan etterbeite arealer der lamma har beita om høsten. Med grønfôr får vi store avlingar, kvaliteten held seg bra oppe og det er eit smakfullt fôr. Ein har fått eit høgt fôropptak og bedre tilvekst enn på håbeite i fôringsforsøk. Ein får store avlingar av grønfôret. Vanlegvis reknar ein 1 daa håbeite pr slaktelam om høsten i ein månad. Med å ha 0,1 daa raps pr lam greier det seg med 0,3 daa håbeite i tillegg, dvs totalt 0,4 daa går da til kvart lam pr mnd. Dei skal ikkje ha berre grønfôr, dei treng tilgang på håbeite i tillegg til raps, helst også i tillegg til raigras, slik at fôringa ikkje blir alt for strek.

Slik blir det da meir håbeite areal til resten av dyreflokken. NIBIO hadde eit forsøk på Løken i Valdres der dei sådde 10. juni og registrerte avlinga 9. august. Da var avlinga på 465 kg ts / daa, og kvaliteten på 0,93 FEm pr kg ts. AAT : 84 g pr kg TS, PBV 29 gpr kg TS, NDF % av TS 48,1. Dette er eit supert høstbeite, i tillegg til håbeite til slaktelam.

Val av grønfôr

Det er mest vanleg å bruke fôrraps, raigras eller ei blanding av desse og høstrug sådd saman med italiens raigras sådd om våren. Fôrraps veks fort, det er vanleg å så 60-70dagar før ein treng høstbeite. Avlinga kan vere opp til 600 FEm per daa. Raps er dårleg på fuktig jord.

Den treng godt med næring og gjerne med husdyrgjødsel. Ein reknar å bruke ei såmengde mellom 0,5-1,2 kg pr daa. Raigras – her kan ein enten bruke italiensk som er eitårig (vintrereitårig) som berre har blad og ikkje strå i såingssåret. Westerwoldsk er eit eittårig raigras som også sett strå, og dermed går fortare ned i kvalitet.

Raigraset veks òg fort, med ei veksttid på 50-60 dagar og ei avling på 600 FEm per daa. Ei avpussing enten maskinelt eller lett med ein flokk dyr når raigraset er 15 cm, vil gje god busking og større avling. Raigraset har rask gjenvekst og vekst til tele eller snøen kjem. Den har Ikkje utløparar og speier seg derfor ikkje, men toler trakk relativt godt. Såmengde 3-4 kg pr daa.

Det er mest vanleg med grønnfôrvekstar i reinbestand, men det kan òg vere gode grunnar for å nytte dei i blanding. Ei blanding av dei to raigarstypane har vore vellykka, da litt strå kan vere positivt for å få litt struktur i dette beite. Blanding av raps og eit raigras har vore nytta om ein er litt usikker på om jorda på skifte er ujamnt mhp vatn. Da kan ein ikkje ta ei avpussing, men raigraset vil vekse raskt etter at dyra har starte beitinga om høsten.

Høstrug og italiensk raigras i blanding sådd om våren er prøvd ut. Det er ulike erfaringar med høstrugen da det ser ut til at den ikkje høver like godt alle plassar og raigraset tar overhand. Dei som har lykkast med rugen har sett at den er svert appetittleg. Denne blandinga høver godt der det skal beitast også om sommaren. Såmengder er 10-12 kg høstrug og 3 kg italiensk raigras.

MG 3742
Gode partnarar: Høstrug sådd om våren saman med raigras kan vere eit godt alternativ, særleg der ein beiter gjennom sommaren. Foto: Morten Livenengen