
Maisvarmesum
I år er det sådd 1316 daa mais frå Brusand i sør, til Etne i nord. Alle felt er sådd mellom 16. og 23 mai. Arealet varierer frå 10- til 192 dekar pr bruk.
Mai 2023 var kald, men tørr og solrik. Felta spirde kring 1. juni. Juni har også vore tørr og solrik, men med gode temperaturar. Maisen har utvikla seg fint denne månaden, - betre enn året før, då juni månad var helst våt og kjøleg.


Tabell 1. MVE for Særheim, Våland og Etne siste år. 15. mai-1. oktober kvart år.
Særheim | Våland (Stavanger) | Etne | |
2018 | 2133 | 2285 | |
2019 | 1953 | 2153 | |
2020 | 2036 | 2275 | |
2021 | 2093 | 2381 | 2379 |
2022 | 1972 | 2234 | 2196 |
2023 | 2077 | 2282 | 2307 |






Vekst og utvikling av maisfelta pr. 30. juli.
Felta i Rogaland, inklusiv Haugalandet, viser god vekst og utvikling, -om lag lik 2021, men ein god del betre enn i 2022. Vi trur den gode starten plantene fekk i juni, med mykje sol og gode temperaturar er grunnen til dette.



