Det er faktisk mykje du kan gjere av tiltak no, som kan spare deg for ein arbeidsprosess til våren. For er det ein ting våren har for lite av, så er det som oftast tid. Tid til å få prioritert alle gjeremål til rett tid, i rett vêr. Tek du eit tak no etter slåtten, vil du takke deg sjølv til våren. Av våronnarbeid som kan utførast utover hausten kan det nemnast gjerdehald, rydding av åkerkantar, grøfting, kalking, maskinreparasjonar og ugrasbekjemping. Dei viktigaste argumenta for å nytte hausten til ugrasbekjemping er at du har betre tid no enn om våren, og ikkje minst at du unngår å få reduksjon i hausta avling grunna påverknad av plantevernmiddel. Etter siste slått kan det vere eit godt tidspunkt å gjere opp status for behovet for ugrasbekjemping av fleirårige rotugras.

Tidleg innsats forutset at du er årvaken

Høymola kjem nesten litt overraskande på folk. «Det er høymoleår i år» høyrer vi ofte. Men det syner seg at det er mange som ikkje oppdagar høymola før ho står der på andre året. Då står ho der å vinkar til deg, høg og sterk, med ein stengel full av frø. Der denne høgreiste høymola står i år, der sto ho òg i fjor. Men då berre med bladrosett. Det er grunnen til at mange ikkje ser ho før ho står der med frø. Bladrosetten syner mindre når den står der saman med graset i ei tett og grøn eng. Det kan gøyme seg mengder med slike som du ikkje ser frå næraste veg eller frå traktorsetet. Det tek oss over til viktigheita av å ta seg ein tur til fots ut i enga. Å gå slike rundar kan vere enkelt å nedprioritere, men dei kan vere av stor verdi dersom dei kan avdekke problem tidleg. Kanskje kan du oppdage ei oppformeiring av høymoler tidleg nok til at du kan nytte punktsprøyting eller mekanisk fjerning framfor breisprøyting? Då sparer du både plantevernmiddel, maskinkostnad og avlingsreduksjon. Eller kanskje oppdagar du at det har etablert seg ein del løvetann, og kan køyre ein runde med plantevernmiddel og deretter kan la enga stå eit engår eller to lenger, enn om løvetannen hadde teke overhand.

Lovetann engkarse syre

Omsyn ved bruk av plantevern på hausten

Når det no går mot haust, melder det seg nokre ekstra omsyn å ta med tanke på plantevern. Preparat som MCPA og Mekoprop bør ikkje brukast seint i vekstsesongen, grunna negativ påverknad av overvintringsevna til graset. Dette gjeld middel med handelsnamn Agroxone, Metaxon, Duplosan Max, Duplosan Meko, Mekoprop og Duplosan Super. I tillegg er det nokre middel som har avgrensingar i behandlingstidspunkt. Flurostar har siste behandlingstidspunkt 31. juli, medan Tomahawk 200 har siste behandlingsfrist 31. august. Sjølv om dei fleste preparata har tilfredsstillande verknad ned til10-12oC, må du og sjå til at ugraset du ønskjer å behandle, har danna ein tilstrekkeleg bladmasse/god rosett. Så her må du vurdere om gjenveksten er stor nok før temperaturane søkk for mykje, dersom du har sein slått.

Rett preparat til rett formål

Av aktuelle preparat står vi då att med Starane XL, Cleave, Tomahawk 200 (til 31. august) og Banvel. Banvel har ein forholdsvis høg pris samt 21 dagar behandlingsfrist, og er difor mest aktuell til punktsprøyting av høymole. Starane XL og Cleave er svært gode mot engsyre, løvetann og småsyre. I tillegg har dei god effekt mot vassarve, stornesle, krypsoleie, engsoleie og høymole. Desse to midla er effektive heilt til gradestokken nærmar seg 5oC. Tomahawk 200 er svært god mot engsyre, høymole, løvetann, småsyre og stornesle. Den vil og vere effektiv mot vassarve. Dersom det er beite som skal behandlast, kan ein og velje Express SX + klebemiddel. Express SX er effektiv mot engsoleie, løvetann og vassarve. Den har og god effekt mot stornesle, småsyre, krypsoleie og hundekjeks. Alle middel i avsnittet her kan vere harde mot kløver.

Har du ei eng som er rik på kløver, står valet mellom Harmony 50 SX eller Gratil 75 WG. Begge desse midla er lågdosemiddel og må blandast med klebemiddel. Dei er i hovudsak effektive mot engsyre, engsoleie, hundekjeks og høymole. Lågdosemidla er mindre sensitive for temperatur ved sprøytetidspunktet, men det bør vere over 5oC og god vekst i plantane som skal behandlast.

Dersom du no ser at gjenlegget du sådde i vår har fått høymoler som ikkje spirer frå frø, men frå rot, bør du gjere tiltak. Gjenleggsdosering vil berre motverke høymoler som spirer frå frø. Dermed bør du ved spiring frå rot bruke Gratil 75 WG med dosering 4g/daa + klebemiddel. Vurder eventuelt punktsprøyting/luking dersom omfanget ikkje er for stort.


Hoymole 2
Høymole i gjenlegg

Lyssiv og knappsiv

Eit brysamt ugras som ikkje er nemnt, er lyssiv og knappsiv. I alle fall på Vestlandet aukar desse i omfang og du bør gjere tiltak før dei vert dominerande. Plantevernmiddel kan vere eit alternativ (Duplosan Super eller MCPA), men då bør det gjerast tidlegare på året. No på hausten er det mest effektive å utarme planten med mekanisk bekjemping. Dersom det ikkje er for store areal, er det mest effektivt å setje trekantblad på ryddesaga og kutte vekk så mykje som mogeleg av planten. Aller helst bør du få knust vekstpunktet, som ligg om lag 2 cm djupt. Dette vil setje planten sterkt tilbake, men gjentaking kan vere naudsynt. Ver gjerne raskt ute med å så i grasfrø som kan konkurrere mot sivet dersom du har rufsa fram svart jord. Når du først er i sving med ryddesaga, kan det nemnast at denne og er eit godt verktøy mot tuer av sølvbunke, tistel og renningar av kratt. Tistelen står med bladrosett første året, og strekker stengel andre året. Det er difor mest effektivt å fjerne den toårige tistelen første året, på bladrosettstadiet. Etter tistelen har blomstra vil den uansett døy. Men det kan vere lurt å fjerne stengelen for å hindre frøspreiing.

Lyssiv
Lyssiv/knappsiv. Opptrer først uskuldig med enkle strå, før den til slutt kan ta overhand med store, tette tuer.

Behandlingsfrist og haustbeiting

Ein ting som er viktig å ha med i planlegginga av arbeidet er behandlingsfristen på preparatet. Hugs at behandlingsfristen ikkje gjeld berre slått, men og beiting. Difor må det planleggast for kvar du skal sprøyte i forhold til ei eventuell haustbeiting av enga eller beitet. Det er og lurt å legge ein god plan for behandling av beita no, slik at du kan bruke seinsommaren til å behandle dei beita du er heilt avhengig av til vårbeiting. Tidleg vårbeiting fører ofte til at det ikkje vert tilstrekkeleg tid mellom behandling og beiting, til å kunne overhalde behandlingsfristen. Mange vel difor ikkje å behandle desse areala, og ugraset får blomstre år etter år. Ei løysing på dette er å prøve å pusse av der det let seg gjere på seinsommaren, og deretter nytte plantevernmidla når det er blitt god gjenvekst.

Ikkje utset det du kan gjere i dag

Konklusjonen må vere at dersom du greier å hente fram litt ekstra motivasjon og legge ned ein innsats no, så kjem du neste vår til å sitje i solveggen på hytta i påska med ein følelse av å vere betre førebudd og klar til å ta til på ei ny våronn. Og kanskje gjer den gode kjensla at kvikklunsjen smakar enda litt betre, og at sola varmar enda litt meir i andletet. Men; det forutset at du kjem deg ut og gjer jobben no. Og hugs at det heile startar med ein spasertur ut i enga. Lukke til!

1000008042
Enga kan sjå grøn og fin ut på avstand, men ein spasertur kan avsløre at det ikkje er gras alt som er grønt.
1000008184
Enga kan sjå grøn og fin ut på avstand, men ein spasertur kan avsløre at det ikkje er gras alt som er grønt.
Klover
Enga kan sjå grøn og fin ut på avstand, men ein spasertur kan avsløre at det ikkje er gras alt som er grønt.