I sauehaldet utgjer kostnader knytt til fôring rundt 80 % av dei variable kostnadene, basert på nøkkeltal frå Jæren Rekneskapslag 2023. Dersom vi samanliknar bøndene med 30 prosent høgast dekningsbidrag per søye utan tilskot, mot bøndene med 30 prosent lågast dekningsbidrag per søye utan tilskot, så har dei ein differanse på ca. 300 kr i kostnader forbunde med fôring per søye. Rundt halvparten av differansen utgjer kostnader til kraftfôr. Det understrekar at det hjå mange bønder er eit potensial til å auke lønnsemda i sauehaldet gjennom ei meir strategisk og målretta fôring.

Gjennom året varierer behovet frå berre vedlikehald til stor mjølkeproduksjon. Det er denne bestillinga frå fjøset som er utgangspunktet for grovfôrproduksjonen vår. Vi må/bør ha grovfôr med ulik kvalitet til ulike periodar av året. Med god strategi for grovfôrproduksjonen, kan vi gjennomføre ei fôring med svært stor grovfôrandel.

Grovfôrkvalitet

Rett kvalitet på grovfôret vil alltid bety eit fôr med høg hygienisk kvalitet! - Utan mugg og jord. Rett pH i surfôret og ikkje for høgt ammoniakk- eller syreinnhald (mjølkesyre, eddiksyre og propionsyre) og lite smørsyre. Det skal også vere reint på fôrbrettet.

Surfôr av dårleg kvalitet kan føre til listeriose. Bakterien finst nesten overalt i naturen, men det er særleg mykje av han i sauegjødsel og i jord i område der det har gått sau på beite. Den viktigaste smitten for sau er difor surfôr som er ureina med jord eller sauegjødsel. Mengd bakteriar i fôret og immunforsvaret til det enkelte dyret har betydning for om det oppstår sjukdom. Listeriabakteriane er svært robuste, og blir oppformeira ved tilgang på oksygen. Den toler låge pH-verdiar, og kan vekse heilt ned til pH 5,0. Den veks raskare ved aukande temperatur og pH. Bakteriane kan dermed finnast i store mengder i surfôr som er dårleg konservert. Dei er i liten grad i stand til å overleve i tørrhøy.

Sau red

Unngå jord og gjødsel i fôret

Dersom du brukar sauegjødsel på eng som skal haustast til surfôr, er det viktig med god vassinnblanding eller med nedbør ved spreiing. Husdyrgjødsel på graset ved innhausting er svært uheldig.

• Stubbehøgde minst bør vere minst 10 cm.

• Dersom mogeleg; lag høy som kan brukast i periodar eller til unge dyr.

• Ved bruk av fôrhekk er det viktig med god tilrettelegging slik at det ikkje vert for mykje fôrsøl på bakken. Slike fôrrestar blir lett tilgrisa av jord og gjødsel. Stor smitterisiko! Unngå/fjern ureint fôr.

Vitamin og mineral er viktig!

Grovfôret bør innehalde nok vitamin og mineral. Dersom ikkje må du supplere med dette. Vitamin A og D må tilførast gjennom fôret. Innhaldet av mineral varierer utover landet. Berre ei prøve av fôret vil gje oss svar på om det er høveleg. Dyra må ha tilgang på salt heile året, om du bur litt inn frå sjøsprøyten. Generelt vil dyra ha eit behov for ekstra mineral saman med det hausta grovfôret. Erfaring viser at dyr som får mindre enn 3-400 gram kraftfôr pr dag, bør få tilgang på mineralnæring. Ute på beite vil dyra ofte ha tilgang på meir urter og kløver, dermed får dei bra påfyll med mineral.

Grovfôranalysar er derfor eit godt hjelpemiddel til å vurdere kva grovfôr du skal bruke, og når. Dessutan vil du med grovfôranalysar også ha betre kontroll på kva kraftfôrtype og kraftfôrmengder du bør bruke. Dette er og utgangspunktet for oppsett av fôrplan til sau. Ved å ha kjennskap til grovfôret kan du redusere kraftfôrkostnadene og optimalisere bruken av grovfôret.

Sau red hoy

Paring og lågdrektigheitsperiode

Dyra i paringsperioden bør ha eit fôr med middels energi- og proteininnhald, slik at dei blir rusta til å kome i brunst. Kanskje treng dei litt ekstra etter haustbeitinga? Viss du slit med for lågt lammetal vil ein auke i energitilførsla kunne gje fleire lam (flushing). For å få dyra opp i hold, bør du starte ved innsett. Det tek tid å bygge hold. Med godt grovfôr kan vaksne sauer greie seg med lite eller utan kraftfôr i vinterfôringa. Det er viktig med ei stabil fôring fram til 3 veker etter at siste søya er para, dette for at befrukta egg skal feste seg. Store endringar i fôring og for sterk fôring i første tredjedel av drektigheita kan gje auka fosterdød.

Vedlikehaldsfôret om vinteren må ha nok fiber, slik at dei kan få så mykje grovfôr at dei trøyer seg og blir mette, utan at dei blir feite. Vaksne dyr kan ete det dobbelte av det dei treng av grovfôr om vinteren. Livlam og gimrer som har gått med lam er i ein annan situasjon då begge aldersgruppene skal vekse. I tillegg er gimrene i tannfelling og et seint. Difor er det viktig å gruppere desse for seg sjølv, for å unngå for stor konkurranse i matfatet. Dei har ikkje full kroppsstorleik og skal vekse, og klarar dermed ikkje ta opp så mykje fiberrikt fôr som dei vaksne. Difor vil dei trenge noko kraftfôr i tillegg. Etter kvart som det unge dyret vert større, aukar også vedlikehaldsbehovet.

Holdvurdering er viktig!

Det er viktig at dyra er i jamt hold gjennom vinteren, holdpoeng på 3,5 er tilrådd. Holdet viser om dei får nok mat. Ved bedømming kan du setje inn tiltak for å justere fôring for heile flokken eller enkeltdyr i tide. Søyene sitt hold påverkar mellom anna lammetal, mjølkeproduksjon og risiko for fødselsvanskar og sjukdom. Dyra sitt hold, og energistatus gjennom året er truleg den enkeltfaktoren som i størst grad påverkar produksjonsresultatet. Start med å holdvurdere ved innsett, og gjenta 3 veker etter paring. Då kan du greie å gjere noko med holdet før lamminga. Har du enkeltdyr i ei gruppe som avviker, bør du omgruppere om det er mogleg. Tynne vaksne søyer om hausten kan plasserast hjå gimrene. Gimrer i svært godt hold kan du setje saman med dei vaksne.

Å lære seg holdvurdering er svert nyttig! Lurer du på holdvurdering så sjekk ut Animalia sine nettsider.

Holdvurdering 35
Holdvurdering er viktig! Her vist ei søye nær lamming med hold 3,5. Foto: Nortura.

NLR sitt tilbod til sauebonden:

Saman med bonden finne løysingar for betre drift:

• Produksjonsrågiving timebasert. Til dømes grovfôranalyse /surfôrtolk og fôrplanlegging.

• NLR Klimarådgiving er individuell og heilheitleg rådgiving der vi ser på styrkar og moglegheiter med utarbeiding av tiltak og handlingsplan. Det kan søkjast om tilskot til klimarådgiving.

Fagressurs Sau i NLR

Ove Sørestrand, Torhild Svisdal Mjøen og Sondre Lauareid Hovda