Eit skifte er sådd med Strand 20. Ei blanding av hundegras, engsvingel, fleirårig raigras og kløver. Ved såing var der 40 % hundegras. No dominerer hundegraset. Sjå artikkel frå våren 2025: > Demofelt med «treslåtts-blandingar»
I denne enga ligg eit demofelt med diverse andre grasblandingar. Mange av dei er basert på raigras og strandsvingel. Demofeltet og arealet rundt er hausta 3 gonger i 2025. Bilda syner tydelege angrep av sopp på hundegraset. Ved 4 slåttar i 2024 såg vi lite til dette.

Dette illustrerer godt at hundegras er mykje meir utsett for ulike soppsjukdomar enn andre grasartar. Hundegrasflekk er den vanlegaste av desse soppane. Vil vi unngå dette, så er det berre hyppige haustingar som må til.




