Litt oversikt er betre enn ingen oversikt

For å finne ut kvar skoen trykker i grovfôrproduksjonen er det viktig å finne ut kvar vi har fått det som sto på ynskjelista frå. Kvart skifte har du stort sett ei forventning til. Dersom du ikkje registrerer noko av det du tek ut frå skiftet, er det fort gjort å tru at du fekk det du ynskte. Men så er jo realitetane at du slett ikkje alltid får alt på ynskjelista. Men kva var det du ikkje fekk? Og frå kva for eit skifte var det? Kvar må det gjerast tiltak? For å få ei god oversikt og eit godt beslutningsgrunnlag er avlingsregistrering eit svært godt hjelpemiddel. Dess grundigare du går til verks, dess betre. Ei enkel notering av tal lass/tal rundballar er tross alt meir informasjon enn ingen informasjon. Dersom du ikkje har registrert noko før, kan det vere ein ende å byrje i.

Registrer avlinga

Skjermbilde 2025 06 20 082207

Du vel sjølv kor høgt du vil klatre på denne stigen. For å få best mogeleg oversikt bør du gjere alt. Noter mengda, veg, og ta ut fôrprøver. Men det aller viktigaste kjem etterpå. Bruk det! Bruk informasjonen du har henta ut. Om du sjølv ikkje vil sitje å finrekne på det, så er dette informasjon som er svært nyttig for rådgjevingsapparatet rundt deg. Informasjonen vil hjelpe: Grovfôrrådgjevaren din som skal vurdere gjødslinga og setje opp gjødslingsplan for deg, fôringsrådgjevaren som skal optimalisere fôringa i fjøsen din, eller økonomirådgjevaren din som skal rekne på grovfôrøkonomien din.

Avlingsregistrering steg for steg

Steg 1: Notering av tal lass/rundballar på kvart skifte. Lag deg eit system, eller bruk eit eksisterande verktøy. Det finst mange ulike digitale noteringsverktøy på marknaden no. Det fungerer likevel framleis fint å notere i ei bok, eller på skiftenoteringsskjemaet som følgjer gjødslingsplanen din.

Steg 2: Veg rundballar/lass. Det er mest aktuelt å drive veging når det er rundball det er snakk om. Veging av lass krev eit meir omfattande vektsystem. Veging kan føregå på ulike måtar. Det som er mest brukt er hengevekter som ein kan henge i ein frontlastar eller talje. Med stropper rundt rundballen kan du henge den opp i vekta og lese av. Nokre har etterkvart investert i frontlastar med integrert vekt. Då kan ein enkelt vege ein stor andel av rundballane. Eit anna alternativ er plattform- eller pallevekt. Nokre har ei slik vekt for veging av dyr, men denne kan og brukast til veging av rundball. Ein del rundballepresser kjem no med teljeverk for tal rundballar samt vekt på kvar rundball. Det bør vegast ein del rundballar frå kvar skifte for å finne ei mest mogeleg representativ vekt. Det syner seg at vekta på rundballane kan variere mykje sjølv om dei er hausta på same skifte og til same tid.

Steg 3: Ta ut fôranalyser. Vekta i rundballane seier mest om nettopp vekta. Den seier lite om innhald i form at tørrstoff og fôreiningar. Når du då har all denne informasjonen kan du setje deg ned og rekne på kva du faktisk har på lager for komande vintersesong. Fôrlageret kan minke ubehageleg raskt, dersom det syner seg at innhaldet i rundballane er meir vatn enn du trudde.

Å ta full registrering med alle trinna på kvart skifte er krevjande. Dersom du vel deg ut nokre skifte der du utfører full pakke med avlingsregistrering, samt at du på resterande skifte registrerer mengde fôr, vil du uansett få danna deg eit visst bilete over den totale mengda fôreiningar på lager.

Veging av rundball
Foto: Lise Austrheim

Kva kan du få ut av avlingsregistrering?

  • Oversikt over fôrlager. Du kan dermed planlegge tidleg om du treng å kjøpe meir. Kjøp av grovfôr seint kan vere eit skummelt sjansespel dersom det blir vanskeleg å få tak i.
  • Optimalisering i forhold til kva parti av fôret du skal bruke til kva tid, for å få ei fôring som er tilpassa ditt behov. Bruk det beste grovfôret når dyra skal yte mest, og det dårlegaste når det skal gå mot sining. For sauebruk er det viktig å spare det beste fôret til tida rundt lamming.
  • Oversikt over tilgjengeleg rasjon, slik at kraftfôrrasjonen kan tilpassast etter behov.
  • Beslutningsgrunnlag for prioritering av areal som treng fornying.
  • Grunnlag for gjødslingsplanlegging.
  • Grunnlag for utrekningar i høve grovfôrøkonomi.

Med ei god oversikt over kva du har på lager har du grunnlag for å kunne planlegge godt korleis du skal legge opp fôringa mest mogeleg tilpassa di drift og dine behov. I besetningar med konsentrert kalving vil ein til dømes kunne planlegge om ein har nok grovfôr av rett kvalitet til dei ulike fasane i laktasjonen. Det kan vere mykje å hente på å bruke rett fôr til rett tid.

Avlingsregistreringskalkulator

Avlingsregistreringsskjema for utskrift

Få hjelp til å tolke resultata frå grovfôrprøva di - NLR Surfôrtolken