For ullkvalitet hjå NKS bedømmer ein finheit, filting, spenst/krusing, daudhår, marghår og svarte hår i fellen.
For ullkvalitet til kvit spælsau ser ein på forholdet mellom dekkull og botnull, finheit, filting, daudhår, marghår, grove hår i botnulla og svarte hår i fellen.
Det er eigne kåringsreglar for kvar rase som har sitt kåringsregelverk med bestemmelsar som er særeigne for rasen. Eigenskapar som er viktig for dyrevelferd og bruken av dyret er felles for alle rasar.
Innan avlsarbeidet må arvelege eigenskapar alltid korrigerast for miljøfaktorar. Døme på miljøfaktorar er lammet sin alder ved kåring og burd (tal lam pr søye) og mora sin alder. Difor er det viktig å ta omsyn til at eit tvilling lammelam får lik mogelegheit til å få 10 for brukseigenskapar eller andre dommarpoeng som eit tidleg født enkeltlam etter ei vaksen søye.
Kåringsbeviset viser kvaliteten, og forventningar til lammet.
Vi kan vurdere delindeksar for å finne vêrar som er gode på eigenskapar som ein vil forbetre i eigen flokk (tilvekst, kjøttfylde, feitt, morseigenskapar, fruktbarheit, ull og brukseigenskapar). Kåringsdommarane dømmer lamma i samsvar med eit nasjonalt regelverk vedteke av Norsk Sau og Geit.
Avkomsgranska vêr med indeks frå ein vêrering kan også vise til kvalitet, og vil vere eit godt alternativ til avlsframgang innan eigen flokk.
No er rette tida for å vere aktiv på marknaden ved å sikre seg eit godt kåra vêrlam med «kvalitetsdokumentasjon» som kan bidra positivt i avlsarbeidet innan eigen buskap.
Kjøp ikkje eit tilfeldig ukåra vêrlam!
