Kor effektivt eit lam nyttar fôret, og responsen i tilvekst variera mykje mellom rase og mellom individ. Men tar ein utgangspunkt i eit gjennomsnittleg NKS lam treng den:
Levandevekt (kg) |
Vedlikehald: FEm/dag (gAAT/dag) |
Tilvekst g/dag |
Behov tilvekst: FEm/dag (gAAT/dag) |
Totalt behov: FEm/dag (gAAT/dag) |
35 |
0,48 (38g) |
200 |
0,5 (50g) |
0,98 (88g) |
300 |
0,75 (75g) |
1,23 (113g) |
||
400 |
1 (100g) |
1,48 (138g) |
FEm: mål på energi. AAT: Aminosyrer absorbert i tarm
Set ein forventa slakteprosent til 42% for same lam, og eit ønskje om å komme i den best betalte vektgruppa (over 18,1kg) får ein følgande oppfôringstid:
Ønska levendevekt (kg) |
Tilvekst g/dag |
Dagar oppfôring |
FEm per lam sluttfôring |
Forskjell slaktepris pga. prisløype |
45 |
200 |
50 |
49 |
-170kr |
300 |
33 |
41 |
-74kr |
|
400 |
25 |
37 |
0 |
I tabellen over ser ein også at det totale energibehovet vil vere større for eit lam med låg tilvekst, og at ein får lågare slaktepris på grunn av synkande prisløype utover hausten (sluttfôringsstart per 14.08).

Høgt fôropptak er viktig!
Har ein rikeleg med beite av god kvalitet, respondera lamma godt også utan bruk av kraftfôr. Har ein kunn tilgang på beite av lågare kvalitet eller nyttar middels grovfôr bør ein supplere med kraftfôr for å oppretthalde god tilvekst.
Vert beitetilgangen dårleg lønar det seg å sette lamma inn, jo før jo betre. Husk at grovfôr kan ha stor variasjon i kvalitet. Eit forsøk av Randby, Å. T. & Eknæs, M. (2007) såg på tilvekst ved ulik grovfôrkvalitet og kraftfôrmengde. Resultata viser at lam kan vekse godt på svært godt grovfôr, men at det er viktig å justere kraftfôrmengde og type ved synkande kvalitet.
Det er vanskeleg å sette faktisk fôropptak, og det er mange faktorar som speler inn. Men her er eit eksempel:
Fôrslag |
Fôropptak FEm |
Tidleg hausta grovfôr + 0,5kg kraftfôr |
1,4 |
Middels/seint hausta grovfôr + 0,5kg kraftfôr |
1,0 |
Godt håbeite |
1,2 |
Raås/raigras + hå |
1,5 |
Kjelder: F. Avdem (2011). Randby, Å. T. & Eknæs, M. (2007)
Vomma til lammet er følsam for brå forskifter, ved «sterk» fôring sørg for ein jamn overgang med tilgang på grovare fôr. Husk rikeleg reint vatn, salt og mineraler for å halde dyra friske. Hugs også faren for feittrekk ved rask oppfôring.

Korleis gjødsle haustbeite?
Lam på godt haustbeite kan oppnå god tilvekst. Mange praktisera å ta siste slått kring august, og deretter beite gjenveksten. Men er det naudsynt å gjødsle?
Eit feltforsøk i Rogaland undersøka dette. Eit ledd fekk tildelt 20 kg 27-0-0, medan det andre leddet fekk ingen gjødsel. Omlag 5 tonn husdyrgjødsel vart tildelt tidlegare i sesongen, og dermed kan graset nytte etterverknad av den organiske delen utover sesongen. Forsøket resulterte i ingen målbar skilnad mellom grasvekst, energikonsentrasjon og avbeiting. Derimot hadde lamma som gjekk på den ugjødsla delen betre tilvekst.
Men kvifor er det slik?
For at lammet skal vekse optimalt treng dei mykje, men også eit balansert forhold mellom energi og protein. Får dei for lite protein i forhold til energi går prosessen i vomma seint, får dei for mykje må lammet bruke energi på å kvitte seg med overflødig protein. Dette forholdet kan målast som PBV (proteinbalanse i vom).
Vår konklusjon er derfor at eng som eg gjødsla med moderat til mykje husdyrgjødsel tidlegare i sesonge ikkje treng gjødslast med mineralgjødsel før haustbeite. Nyttar du ikkje husdyrgjødsel på dei aktuelle områdene vil ein heller ikkje ha etterverknad og ein bør fordel tilføre litt nitrogen, til dømes rundt 15 kg 27-0-0.
Har du allereie gjødsla, og beite er klart til lamma? Då kan du redusere PBV i totalrasjonen ved å gi eit energirikt kraftfôr med nøytral (0) eller negativ PBV.
Beitedrift er ein kunst!
Og er du i stuss eller ønsker konkrete råd til di drift - ikkje nøl me å ta kontakt !