Det er stor rift om midlane til sau hos Innovasjon Norge i Vestland. Mange unge satsar på bruksutbygging. I 2026 er det løyvd om lag 24 mill. kr i tilskot til sauefjøs, og ein forventar det same i 2027. Elisabeth Guddal og Sondre Haugen er eit godt døme på det engasjementet vi ser blant unge bønder.
Det er rom for større produksjon av lammekjøt. I Vestland forsvinn det ein del mindre buskapar, men mange unge ynskjer ei framtid i næringa. Lettstelte fjøs med god nok plass i lamminga er viktig for at det skal vere interessant å drive med sau.
Dei unge bøndene på «Håje»
Sondre Haugen, 27 år, tok over heimgarden Haugen ved årsskiftet 2021-2022. Bruket ligg rett ved kommunesenteret Dale i Fjaler kommune. På same tid vart Elisabeth Guddal, 25 år, og Sondre eit par. Begge er oppvaksne med sauehald og har stor interesse for faget. Sondre er utdanna agronom. I tillegg har han gått 2 år på yrkesfag (TIP) og arbeidd 2 år som tømrar. No er han tilsett i eit maskinentreprenørfirma. I tillegg har han brøytekontrakt med kommunen. Elisabeth er utdanna sjukepleiar og arbeider fulltid i heimetenesta i Askvoll kommune.
Ressursgrunnlaget
Sondre nemner to faktorar som har vore avgjerande for at det står ein flott og moderne sauefjøs på garden i dag: Sambuar Elisabeth og tilleggsjord. Utan Elisabeth si interesse og støtte trur han ikkje fjøsen hadde blitt bygt. Ho er oppvaksen på eit sauebruk i Rivedal og har hatt stor interesse av å vere med faren i fjøsen sidan ho var lita. Ho kjenner kvar sau og har eit særs godt tekke med dyra.
Arealgrunnlaget for drifta er godt; i tillegg til eigen gard driv dei fleire nabobruk. Samla disponerer dei 170 daa slåttemark og 40 daa innmarksbeite. Bruket har beiterett i eit fjellområde som ligg ein knapp halvtimes køyretur frå garden. Med liten konkurranse i matfatet beiter dyra i eit område på 14 km2.
Godt nabosamarbeid
I fleire år har Sondre arbeidd deltid hos ein dyktig mjølkeprodusent i ei nabogrend. Der fekk han meir erfaring med jordarbeiding og grovfôrdyrking, som han no er svært glad for.
Dei leiger slåttemark av nære naboar. I tillegg får dei bruke tårnsiloane på det eine bruket. Dette er ei mellombels løysing.

Nybygg til 150 sauer
Sondre kom til oss i NLR i 2024 og ville ha hjelp til å planlegge ny fjøs. Den gamle fjøsen er meir enn full med 45 sauer i lamminga. Etter ein god planleggingsfase fekk dei løyving frå Innovasjon Norge tidleg i 2025. Fjøsen hadde ei samla kostnadskalkyle på 4,3 mill. kr. IN støtta tiltaket med 1,3 mill. kr, og dei sjølve la ned ein stor eigeninnsats på grunnarbeid, alt av trearbeid og innreiing. Material til reisverk og sutak har dei hogge sjølve og fått skore på sag i nabobygda. Resten av finansieringa var med lån.
Fjøsen er ein kaldfjøs oppført i bindingsverk med takstolar og med naturleg ventilasjon. Gjødselkjellaren er 2 m djup, og det er lagt strekkmetall på heile fjøsgolvet. Innreiing med 2 langsgåande fôrbrett og 4 bingar med djupne på 2,40 m. Det er drivgang langs alle ytterveggar. Ei sirkulasjonspumpe hindrar at vatnet frys. Fôrsentralen er 7,5 m lang med ein port på 3,5 m høgde. Den rommar også kontoravdeling med smittesluse. I ettertid tenkjer han at fôrsentralen kunne hatt større takhøgde og vore litt lenger. Alt i alt er dei svært fornøgde med bygget.
Driftsplan
Planen er fylle opp fjøsen til 150 sau. Rasen er i hovudsak kvit spælsau. I november er planen å pare knappe 60 sau og lam, og etter 5 år bør fjøsen vere full. I lamminga skal den gamle fjøsen, som ligg like ved, brukast til lammingsareal.
Lam som ikkje er slakteklare rett frå fjellet vert mest truleg sluttfôra i fjøsen. Då kan sauene beite på bøane før dei vert sette inn.
Nøkkeltal frå driftsplanen:
- 2,2 lam frå vaksne og 1,5 lam frå påsettlam
- 100 % av lamma får kvalitetstilskot lam høgste sats
- Slaktevekt lam 19,0 kg
- Lammetap: 6 %
- 2031: 150 sau og 245 slakta lam
- Kraftfôrbehov: 100 FEm/sau
- Grovfôrbehov: 240 FEm/sau
Det aller meste av grovfôret vert lagra i tårnsilo. Innhaustinga skjer med traktor, fôrhaustar og tilhengar. Det er korte avstandar frå slåtteareala til lager. På sikt ynskjer Sondre å bygge ein plansilo eller tårnsilo heime.
Kanskje vert det tøft å nå målet om gjennomsnittleg slaktevekt på 19,0 kg. I alle fall i starten med svært ung buskap. Sondre seier dei må ha litt å strekkje seg etter, og det er Elisabeth einig i.
Framtidsplanar
Frå lamminga startar og til dyra er sende til fjells er planen at Sondre skal vere heime på heiltid. Begge har stor interesse av å drive med sau og gardsarbeid. Kanskje vert det slik at dei har reduserte stillingar utanom garden begge to. Dei fortel at lysta til å drive auka med bygging. Dei har god hjelp av familie og vener med tilsyn og sanking. Far til Sondre hjelper til når det trengst gjennom heile året.
Heilt til slutt i intervjuet røper Sondre at hans draum er å drive med storfe i tillegg. Ammekyr hadde passa fint sidan dei har så store utmarksressursar.



