Registreringa i feltet er gjort med eigeninnsats og midlar frå NLR Økologisk.
Trea er planta på moderne vis og dreve økologisk sidan oppstarten. Det blir nytta mekanisk beskjæring for å avgrense topphøgde og radbreidde. Aroma-tre i forsøket blir i tillegg manuelt beskjert på vanleg måte. Dyrkar har gjort arbeidet med å halde ugras, skadedyr og soppsjukdommar under kontroll. Ugraset går relativt lett å halde under kontroll sidan jorda er godt drenert sandjord. Det blir nytta to ulike typar radfresar som gjer ein god jobb når det er nødvendig
Tiltak mot skadedyr
Det har vore nytta ulike tiltak mot skadedyr, m.a. olje-/såpeblandingar mot egg av frukttremidd og bladlus. Tiltak mot epleviklar har vore ulik mellom sesongane. I åra 2021 til 2023 vart feromonforvirring Isomate CLS Plus nytta mot epleviklar og andre viklararter. Sesongen 2024 og 2025 vart i tillegg Madex Top nytta som tiltak mot epleviklar etter varsel i feller i felta og med justering av RIMpro (sjå figur 1).

I 2025 vart det igjen brukt feromonforvirring, Isomate CLR, mot bl.a. epleviklaren. Kontrollfeller for fem ulike vikare vart hengt ut i god tid før forventa innflyging av vaksne individ. Kontrollfella med feromon frå epleviklaren vart hengt ut 13. mai. Fella hang oppe i feltet til september. Det var berre fanga eit individ som er tilnærma ingen fangst. Dette skuldast nok god effekt av feromonforvirringa. Det var i 2025 varsla angrep av rognebærmøll og olje/såpe var tiltaket mot dette i økologisk eple.

Avlingsregistreringar
Det vart hausta 5 tre i tre rader, til saman 15 tre, i åra 2016 - 2025. Alle epla vart hausta på ein gong, talt og vege for kvart tre. Eit tilfeldig utval av 100 eple frå ein av radene (42 B) vart vurdert. Rein sitt hefte: «Skader på eple før lagring», samt Gartnerhallen sin manual for uakseptable eple, er brukt for å forklare utsortering. Kvart eple kan ha fleire årsaker til utsortering, og difor kan utsorteringsprosenten overstige denne. Det er ikkje tatt med transportskader og handtering som kan påverke sluttresultatet.
Årsak til utsortering
Det vart gått gjennom eit utval av eple kvart av åra. I tabellen under er fire av åra representert. I 2017 var siste året med skurvfrie eple. I 2018 og framover har skurvkampen vorte endå viktigare, sjølv i den skurvsterke sorten ‘Aroma’. For sesongen 2024 var det ei haglbye over feltet den 9. juni og det er registrert haglskade på 23 % av epla ved hausting. Det var i tillegg 2 % synleg glasing eller watercore i feltet.
I 2025 sesongen var det stor variasjon i klimaet med tidleg knoppbryting, tørr og varm mai, som så slo over til våt juni. Under innhaustinga var det igjen vått og mykje nedbør. Det var gode forhold for angrep av bladlus og det vart tidleg i mai registrert store angrep i felta. Tiltak vart satt inn, men skadane vart likevel store. Ved hausting vart det registrert 38 % utsorterte epler, men i tilegg vart mykje av skadeepla tynna bort i tida før hausting.
Diskusjon
Avlingsnivået er høgt i feltet. Avlingsnivået i 2025 var eit av åra der avlinga er langt over snittet med 18,3 kg/tre som tilsvarar over 4500 kg/daa.
Epleskurv har vorte handtert godt, i lag med å ha ‘Aroma’, som er ein sterk sort mot soppsjukdomen, i kombinasjon med dei tiltaka som er lov i økologisk. Nordox 75 WG vår og haust, samt Thiovit Jet og bakepulver i sesongen er nødvendig for å halde epleskurven i sjakk. Det er allikevel epleskurv synleg ved hausting, så det er viktig å gjere smittesannerande tiltak som bladknusing før neste sesong.
Epleviklar og andre insekt som gjer skade inni epla var ikkje så stor utfordring som tidlegare år. Men det har blitt fjerna en del insektskada epler i løpet av sesongen, og det har vært klare symptom på innvendige larver i epla gjennom sesongen. Det er brukt Madex Top, som er et spesialpreparat mot epleviklar. Det er brukt to gonger ved starten av larveklekkingen. Sprøyting med Madex Top kunne med fordel vorte gjentatt. Sprøyting på klekketoppane 15. juli og 25. juli (figur 1) hadde redusert problemet endå meir.
Det var mindre aktivitet av epleviklar i mange andre integrerte og økologiske felt i 2025 og det var lite nytte av å ha kontrollfeller for epleviklaren i feltet. Rognebærmøllen herja voldsomt i mange felt, men ser ut til å ha gjort minimal skade i dette feltet. Tiltaket var gjentatte olje/såpe-sprøytingar på eggstadiet til møllen.
Skader på epla grunna tidleg insektsgnag i sesongen er forholdsvis stor i feltet. Epla har hela skallet med å danne kork rundt skadeplassen (bilde 4). Eplet er egna til pressing, men held sjeldan til førsteklasse. Tidlege insektsgnag blir redusert ved å bruke Fibro eller Turex 50 WG. Utfordringa med begge tiltaka er at det krev presisjon for å virke. Fibro må ein nytte når egga klekker, ikkje før eller etter eggklekking. Turex 50 WG må nyttast når larvene er i god aktivitet og et preparatet. Turex 50 WG er påverka av sol og UV-lys, slik at midlet må helst brukast på eit tidspunkt der det er lite sol. Det er tidleg på våren ofte lågare temperatur utan sol og dermed er larvane i mindre aktivitet. Ofte har ein nytta ein tommelfingerregel på at det bør være over 12 grader når ein skal sprøyte Turex 50 WG.
I tillegg kjem dei seine larvegnaga som utgjer 5 % av dei undersøkte epla (tabell 2) (bilde 5). Seine larvegnag kan reduserast med bruk av Turex 50 WG og/eller bruk av feromonforvirring. Dyrkar har brukt feromonforvirring tidlegare år, samt i år 2025. Feromonforvirring gjer at det blir færre larver over tid, sidan hannane og hoene ikkje finn kvarandre. Det er mange artar som kan gjere skade og det er vanskeleg å fastslå skadeart i kvart enkelt tilfelle. Det er nedgang i skaden av seine insektsgnag i forhold til 2024.
Konklusjon
Det er nødvendig å sette inn tiltak mot ugras, soppsjukdommar og skadedyr i økologisk. Radfresing inntil trerekjende er en god ugrasbekjempingsmetode. Den fungerar bra i dette feltet. For soppsjukdommar har førebyggjande sprøyting med Thiovit Jet fungert bra. Det må brukast Natriumbicarbonat som kurativt middel. Sjølv om Aroma er ein skurvsterk sort, er det viktig å holde epleskurven under kontroll. Larver som går inni eplekarten eller lagar skade utenpå eplene, er utfordrande å håndtere i økologisk dyrking. Bruk av dei biologiske preparata Turex 50 WG og Madex Top krev presisjon.
Avlingsnivået for økologisk er bra i dette forsøksfeltet, men ein må rekne med utsortering grunna skader frå sopp og insekt.








