Til felleovervåking blir det nytta ulike typar limfeller til de ulike artane. Kirsebærflue blir fanga i gule kryssfeller. Fargen verkar tiltrekkande på insekta. Kirsebærmøll fangast i feromonfeller, som tiltrekker seg hann-insektene av arten. I fellene er det et limark som insekta fester seg til.

Denne delen av felleovervakinga er finansiert med NLR Grøntsatsingsmidler.

Kirsebærflue (Rhagoletis cerasi)

Kirsebærflua overvintrar som pupper i jorda. De vaksne fluene kommer frem i siste halvdel av juni og egglegginga startar omtrent to veker etter. I snitt legg ei kirsebærflue 200 egg, eit egg pr kirsebær. Egget blir lagt like under skinnet, og det er vanskeleg å sjå om det er larver i bæret. Larvene held seg i kirsebæret i omtrent 3 veker før det gneg seg ut, slepp seg ned på bakken og forpupper seg der.

Fellene vart hengt ut i felt 31. mai 2024, tre feller i søtkirsebær og 2 feller i surkirsebær. Det ble i to av felta i tillegg gjort regiseringer i IPM-Fruit, men resultatet er ikkje med her. Det eine surkirsebærfeltet ligger i Fiskum, dei andre felta ligger i Svelvik. Første fangst ble registrert allereie første veka etter felleoppheng. Det var stor fellefangst i spesielt tre av felta gjennom heile sesongen. Aktiviteten til flua er styrt av sommartemperaturen, og ved varme somrar kan kirsebærflua være eit stort problem.

Tiltak

Tiltaka som blir gjort er sprøyting med Movento eller Mospilan. Det er svært viktig for dyrkarane å ha tilgang til effektive plantevernmiddel og gjere tiltaket til rett tid. Ut frå felleovervakinga kan vi anbefale rett tidspunkt. Vi anbefaler Movento/Mospilan 10-14 dagar etter førstefunn i fellene og første sprøyting var rundt midten av juni i 2024. Den andre sprøytinga skjer seinast 14 dagar før forventa starthausting om ein nyttar seg av Movento.

Kirsebærmøll (Argyresthia pruniella)

Kirsebærmøllen overvintrar som egg i kirsebærtrea. Egga klekkjer tidleg om våren og larvane kryper inn i knoppane, kor dei gneg gangar. Dei nyklekte larvene kan gjere stor skade hvis dei skadar blomsteranlegga inne i knoppane. Vi har generelt sett lite larver hos oss, mens enkelte morelldistrikt på Vestlandet er det stor larveaktivitet tidleg på våren. Når blada folder seg ut blir skaden synleg som symmetriske holl. Larvene slepp seg ned i jorda kor dei forpupper seg. Den vaksne møllen kjem fram i slutten av juni og egglegginga skjer frå juli og ut august.

Bilde 1d
Kirsebærmøllfelle er ei deltafelle med feromon. Det er ei limplate i botnen som fangar insekta. Foto: Gaute Myren

Fellene vart hengt ut 31. mai, i tre felt med søtkirsebær og to felt med surkirsebær. Det eine surkirsebærfeltet ligger i Fiskum, dei andre felta ligg i Svelvik. Første fangst ble registrert 25. juni. Det var størst fangst i de to surkirsebærfeltene denne sesongen også.

Tiltak

Tiltak mot kirsebærmøll er få. Det kan hende en sprøyting med olje/såpe ved eggklekking kan fungere, men elles er det å ta eggene når de blir lagt på sommaren ikkje eit enkelt tiltak. Egga blir bora inni greiner og stammer, slik at dei er lite eksponert for insektmiddel.