EPLEpollinering: Rett pollinering for auka fruktsetjing, større avling og betre fruktkvalitet i eple er eit prosjekt finansiert av Noregs Forskningsråd der NLR Viken, no NLR SA, er prosjekteigar i samarbeid med fruktlagera i Norge. NIBIO Ullensvang er FoU-ansvarleg i samarbeid med Universitetet på Balkan. Prosjektet går over fem år og starta opp i 2020, men grunna Korona-pandemien blir siste prosjektår 2025.

Det er gjort fenologiske registreringar av åtte eplesortar og fire prydeplesortar tidlegare sesongar. Under blomstringa i 2022 og 2023 vart det også gjennomført kontrollerte kryssingar ved NIBIO Ullensvang med sortane Discovery, Raud Aroma, Elstar, Asfari og Rubinstep.

Det var ujamne resultat frå ‘Eden’ grunna haglskadde tre, så dette er ikkje nærmare omtala i forsøksrapporten.

Tynningsforsøk 2024

Det er to tynningsmiddel tilgjengeleg på den norske marknaden. ATS er ammoniumthisulfat som fungerar ved å svi pollenknapp og griffel på ubefrukta blomar. Cerone inneheld det aktive stoffet etefon (480.0 g/L) og fjernar dei svakaste knytingane. Effekten av tynninga er synleg etter 2 til 3 veker. Tynningseffekten av Cerone avheng av dosering, temperatur ved sprøyting, vassforbruk ved sprøyting og tidspunktet. Temperaturar under 15 °C gjev liten tynningseffekt.

Klima

Temperaturen under blomstringa i lag med nok insekt og gode pollensortar er viktige for optimal fruktsetjing. Temperaturen var optimal for pollinering, men regn kan ha redusere aktiviteten til honningbiene.

Klima svelvik 2024
Figur 1: Maksimumstemperatur og nedbør i Svelvik under blomstringa. Raud pil viser tidspunkt for kjemisk tynning (sjå også forsøksplan). Det er gunstig temperatur og forhold for pollinering 20. mai. Den 3. juni var det kjøligare og samtidig går temperaturen ned i etterkant av sprøytinga som er negativt for effekten av Cerone.

Haglskade

Feltet vart råka av ei kraftig haglbye den 12. juni. Haglbya varte i lengre tid og observasjonar av dyrkar var eit intensivt haglnedfall i 20-30 minuttar. Grunna nordavind vart skaden større på nordsida av trea. Skaden på eplekart var ikkje gunstig for forsøket, men det vart bestemt å fortsetje ut sesongen som planlagt

Bilde 1 Det meste av fruktene er haglskada i tillegg til bladskade Bilde er tatt dagen etter haglskura den 12 juni Foto Gaute Myren
Bilde 1: Det meste av fruktene er haglskada i tillegg til bladskade. Bilde er tatt dagen etter haglskura den 12. juni. Foto: Gaute Myren

Emaskulering av epleblomar

19. mai, dagen føre sprøyting med Cerone og ATS, og dei tre neste vekene vart det emaskulert og samla inn prøvar av midtblomar og sideblomar og lagt på konserveringsvæske for seinare å sjå på pollenslangevekst i mikroskop.

Isolering av hoblomst for seinare a sja pa pollenslangevekst
Bilde 2 og 3: Isolering av hoblomst for seinare å sjå på pollenslangevekst. Foto: Gaute Myren

Sprøyteforsøk - Eden og Fryd

Sortane blomstrar litt ulikt, men likt nok til at sprøytinga vart gjort samtidig i begge sortane. Forsøket er basert på enkelttre som vart sprøyta individuelt med god skjerming av nabotre. Det er lagt opp til randomisert blokkforsøk med fem gjentak. Totalt 50 tre per sort.

Forsøksplan:

#

Behandling

Dato utført sprøyting

1

Ubehandla kontroll

-

2

Handtynning i slutten av juni

-

3

ATS – 1 kg/daa ved full blom

20.mai

4

ATS – 1,5 kg/daa ved full blom

20.mai

5

Cerone – 50 ppm ved første blom open

20.mai

6

Cerone – 100 ppm ved første blom open

20.mai

7

Cerone – 150 ppm ved første blom open

20.mai

8

Cerone – 150 ppm ved kartstørrelse 10 mm diameter

3. juni

9

Cerone – 200 ppm ved kartstørrelse 10 mm diameter

3. juni

10

Cerone – 250 ppm ved kartstørrelse 10 mm diameter

3. juni

Bilde 4 Manuell tynning 5 juli Foto Gaute Myren
Bilde 4: Manuell tynning 5. juli. Foto: Gaute Myren

Forsøksoppsett:

  1. Teljing av blomar pr tre før sprøyting
  2. Merking av 10 fruktklasar pr tre etter sprøyting. Teljing av fruktfall fram til hausting
  3. Hausting av hele tre, eple pr tre, kg avling og gjennomsnittleg fruktvekt
  4. Utsortering av salbar avling pr tre
  5. Fruktkvalitet ved NIBIO Ullensvang for frukter pr behandling

Det var ujamne resultat frå ‘Eden’ grunna haglskadde tre, slik at dette er ikkje nærmare omtala i forsøksrapporten.

Fruktfall

På kvart forsøkstre vart det merka 10 blomeklasar, fem på kvar side av trea. Gjennom sesongen vart det talt opp tal kart per blomeklase, som er eit mål på fruktfallet.

Bilde 5 Eplekart Gaute Myren
Bilde 5: Eplekart med trådmerking. Frå tynningsforsøket starta til hausting vart tal frukter talt på 10 merka fruktklasar pr tre. Foto: Gaute Myren

Fruktfallet vart observert ved teljing av tal kart/frukter utover sommaren fram mot hausting. Ved blomstring vart det i middel kring 6 einskildblomar per blomeklase. Desse datt av jamt og trutt fram mot hausting. Handtynna tre vart tynte til ein kart per blomeklase (brun graf) medan den utynna kontrollen enda på 1,6 frukter per klase. Dei kjemisk tynna trea enda på ei fruktsetjing som låg mellom utynna og handtynna forsøktre. Ingen av dei kjemiske handsamingane førde til overtynning.

Fruktsetjing og avling

Det er talt blomster og talt eple på kvart forsøkstre. Dermed kan ein finne fruktsetjingsprosenten. Vidare vart heile treet hausta og ein fekk fruktvekta. Det er også sortert for salbar avling over 60 mm. Som venta hadde utynna tre høgast fruktsetjing og avling, men lågare sorteringsresultat. Fruktsetjing og avling vart redusert hjå alle forsøkstrea som var tynnte.

Kvalitetsanalysar

Det vart plukka ut 20 eple for modnings- og kvalitetsanalysar ved NIBIO Ullensvang.

Bilde 6 Innhausting av eple for kvalitetsanalysar Foto Gaute Myren
Bilde 6: Innhausting av eple for kvalitetsanalysar. Foto: Gaute Myren
Bilde 7 Sortering og veging av avlinga Foto Gaute Myren
Bilde 7: Sortering og veging av avlinga. Foto: Gaute Myren

Diskusjon og konklusjon

Det vart lagt ned mykje arbeid i forsøket før haglskaden i juni. Dessverre har haglskaden gjort at forsøket ikkje gav fullgode svar på tynningsnivåa ein bør utføre i ‘Eden’ og ‘Fryd’.

Tynningseffekten var minimal av både ATS og Cerone og det bør brukast høgare dosering av Cerone i neste forsøk. Forsøket bør gjennomførast på nytt i vekstsesongen som kjem.