Maisvarmesum (MVE)
Maisvarmesum (MVE) 2021-2024.
Tidsrom: 15. mai-15. oktober
Landvik | Lyngdal | Særheim | Våland | Etne | |
2021 | 2660 | 2346 | 2093 | 2381 | 2379 |
2022 | 2503 | 2173 | 1972 | 2234 | 2196 |
2023 | 2596 | 2319 | 2077 | 2282 | 2307 |
2024 | 2533 | 2368 | 2201 | 2417 | 2410 |
Utvikling pr. 25. august.
Etter ein kald og våt vart juli månad varm og fin, noko som viste godt i maisfelta. August har igjen kome med litt lågare temperaturar. Men mykje sol gjer godt for maisen. Utviklinga viser at vi i Rogaland ligg litt etter fjoråret, medan ein i Agder ligg godt framfor fjoråret.

Uværet «Floris» kom med mykje regn og vind 5. august. Dette førde til skade i mange maisfelt på Jæren. Planter som er bøygd ned, men ikkje knekt retta seg opp. Knekte planter vil ikkje det men vil væra vanskeleg å plukka opp om feltet vart hausta. Sjå elles vedlagde bilder.
Utvikling i mais pr. 5. juli
Juni månad var kjøleg og med mange gråværsdagar. Dette har ført til dårlegare utvikling i maisfelta i Rogaland og Sunhordland. Fuktige forhold har gitt gode vilkår for ugras, og særleg i felta i Etne har dette blitt eit problem.
Diagrammet under viser utvikling i maisvarmesum(MVE) 2025 for 5 lokalitetar i Agder og Rogaland.
Uvikling i mais pr. 12. juni
Varm start i mai førte til rekordtidleg såing, i Agder alt siste dagane i april. Siste veka har derimot vor kald og utviklinga i maisen har stoppa opp. I Etne var det under null grader to netter på rad (- 0,4 oC), utan at dette såg ut til å gjera noko skade på plantene. Været i juni har vore kaldt og vått og utviklinga av stagnert.