Det nærmar seg mai og Ølve visar seg i all sin vårprakt. Kvinnheradsfjorden glitrar over til Uskedalen på andre sida. Jordene spirar og grønar, og ferske køyrespor avslører at våronna er i gong. Køyremønstera kjem i mange formar og fasongar; nokre er djupe, andre knapt synlege, nokre er snorrette, andre snirklete. Teigen sin form og helling set avgrensingar, så vel som jordsmonn og lagligheit på denne tida av året – men traktor og utstyr speler òg ei avgjerande rolle.

B3 alt2 DSC00571
Foto: Tonje Fjågesund

Tek styring på køyremønsteret

Nokon som har særleg god styring på sitt køyremønster er Tore og Tollev Vikane på familiegarden på Ølve. Dei har nyleg tatt i bruk presisjonsutstyr som forenklar og forbetrar gjødselspreiing på bakkane. På garden har dei om lag 150 kyr, inkludert 60 mjølkekyr. Fôret kjem frå 250 daa innmarksbeite og 600 daa til produksjon av grovfôr, fordelt på meir enn 30 teigar spreidd utover i Ølve-landskapet. Dette er ein familiegard som har vore vidareført i generasjonar og har vore i stadig utvikling.

Det var Tore som starta med mjølkeproduksjon. Mjølkeroboten kom på plass allereie i 2011 – i påvente av lausdriftskrav. I dag er familiegarden drifta av ein stødig trio beståande av far og to søner. Det vert raskt tydeleg at dei er framoverlente og tar aktive grep for å vere best mogleg skodd for framtida.

Far Tore held seg oppdatert og veit å gjere nytte av Google og Finn, stadig på utkikk etter ny kunnskap og utstyr til garden. Til dømes var han ein av dei første gardbrukarane i landet til å ta i bruk vaksine mot kryptosporidiose, takka vere eiga undersøking og initiativ.

– Ein lærer seg at ein må finne løysingar sjølv, seier Tore og smilar.

– Men me drar òg god nytte av rådgjevarane i NLR, så slepper eg å «finne opp kruttet» på alle områder!

B2 DSC00563 2
Tollev Vikane klyv lett opp i traktoren og utviser full kontroll på bruk av presisjonsutstyret som vart teke i bruk året før. For dei med interesse og litt teknologisk sans er det inga sak å lære seg korleis det funker. Foto: Tonje Fjågesund

Ny teknologi gir presisjon i gjødselspreiinga

Tore har to søner som begge er sterkt engasjerte i gardsdrifta. Dei bidreg med arbeidskraft og med sine egne ferdigheiter og interesser. Det er nemleg dei som har teke leiinga med den nye presisjonsteknologien, med god støtte frå maskinrådgjevar Jonas Dalland i NLR. Tore medgir:

– Dette var noko eg ikkje hadde peiling på frå før, og det var heller ikkje mi største interesse. Eg er nok heller ikkje den beste pedagogen. Det er bra å lære av nokon som verkeleg kan det, ikkje berre av papan. Råd frå NLR er godt anvendt tid og pengar.

Utstyret dei viser fram i dag er traktoren, som er utstyrt med GPS av merket John Deere Starfire 6000. Den vert nytta saman med gjødselspreiaren Sulky DX30+ med formål om å oppnå betre presisjon i gjødslinga. Tollev, søn av Tore, køyrer doningen ut av ein skinande raud garasje. Han inviterer oss med opp i traktorhytta for å forklare korleis traktor, GPS, gjødselspreiar og bonde fungerer saman i harmoni. For Tollev var det inga sak å lære seg å bruke systemet.

– Det er svært brukarvenleg og går raskt å setje opp.

Han forklarer korleis det heile fungerer:

– Det første ein gjer er å opprette nytt felt og gi det eit namn. Så køyrer eg opp grensene, og ved hjelp av GPSen kan eg spesifisere køyremønster som er tilpassa feltet sin storleik, form og helling. Eg legger inn kva utstyr eg skal nytte, effektiv breidde, gjødselslag og ynskja mengd per dekar. Eg kan òg gjere tilpassingar til kvar einskilde bakke, seier Tollev og peikar på ein skjerm med beskjeden storleik som er montert inni traktorhytta.

– Etter kvart som ein køyrer over bakken med gjødselspreiaren vert området som er gjødsla markert med blå farge.

Med dette utstyret har dei òg moglegheita til å kompensere for helling på feltet, gjennom heving, senking og «bikking»/tilting, som sikrar jamn fordeling sjølv i skrånande terreng. Gjødselspreiaren har ein mekanisme som sikrar at gjødsel ikkje vert spreia utanfor grensene som er teikna opp i GPS-systemet. Tore forklarar:

– På den måten kan ein unngå at gjødsel hamnar i bekkar og grøfter – eller på bilar!

– Eg kan òg skru på autokøyring om eg vil, seier Tollev.

– Så er ein fri til å drikka kaffi samstundes som ein køyrer! spøker far og søn.

Eigentleg nytter dei høvet til å følgje med bak traktoren, for å kontrollere at gjødsla renner jamt. Dei kan òg rette merksemd mot GPSen og sjekke at alt går som det skal og feltet fargeleggjast i blått. Med automatikken går det stort sett bra – eller perfekt, men sjølv heilautomatiske system krev tilsyn av menneske, og det er viktig for bøndene å ivareta bakkekontakten.

B1 alt1 DSC00585
Far og søn Vikane har godt samarbeid med NLR-rådgjevar Jonas Dalland. Foto: Tonje Fjågesund

Kvifor styre med GPS?

Det var fleire motivasjonar og årsaker til at dei gjekk til anskaffing av dette presisjonsutstyret.

– Ny teknologi kan gjere drifta kjekkare for dei unge, føreslår Tore. – For å få med neste generasjon må dei få noko som er kjekt å driva med.

Men det er tydeleg at dette dreier seg om meir enn maskinglede; Tollev følgjer opp forklaringa til far sin:

– Det som er kjekt er å få det bra til.

Han har ingen problem med å greie ut om nytteverdien av utstyret:

– Med stor grad av presisjon i køyremønsteret oppnår me ei heilt jamn spreiing av gjødsel i felta, unngår overlapp og helligdagar. (Helligdagar er det lokale uttrykket for flekker av jordet som vert utelatt, og ikkje dekka ved gjødselspreiing eller anna arbeid, journ. anm.).

Det gir moglegheit for å spare gjødsel. Rådgjevar Jonas opplyser at presisjonsgjødsling har potensiale til å redusere gjødselforbruket med 10 % utan reduksjon i avling. Det sparer bonden for unødig kostnad og miljøet for overgjødsling og avrenning. Tore og Tollev er samde i at det er vanskeleg å seie akkurat om/kor mykje gjødsel dei kan spare, og forklarer:

– I fjor var første året me tok utstyret i bruk. Då brukte me ikkje mindre gjødsel samla sett, men me utnytta ressursen betre. Overskotsgjødsla som ikkje trengtest på bakkane spreia me på område som tidlegare vart nedprioriterte, og me fekk dekka alle vendeteigar. Restgjødsel kan òg nyttast til ein eventuell tredje slått.

Betre ressursutnytting sparar kostnadar og nøysomhet vert stadig viktigare når gjødselprisen svinger mykje i ein ustabil verdsituasjon. Dette merka dei til dømes i koronatida.


B5 DSC00580
Bønder og NLR-rådgjevar utveksler erfaring og kunnskap. Foto: Tonje Fjågesund

Møter dokumentasjonskrav

Ein annan fordel med GPS-styrt gjødselspreiing er å møte dokumentasjonskrav.

– Det nye utstyret vårt gjer det enkelt å fylgje gjødslingsplanen, og me har betre kontroll på kva me har gjort.

Dette gir betre oversikt for bonden, og gjer det òg enklare å tilfredsstille rapporteringskrav.

– Og det vert ikkje mindre krav framover…, spår Tore.

Presisjonsutstyret har gjort situasjonen i dag langt betre enn før. Tore fortel:

– Før hadde me ei mappe for KSL, og måtte overføre tal frå ark og lause lappar til datamaskinen kvar helg. Så fekk me datakrasj...

Det er ein påminning om at teknologien kan svikte, men det finst løysingar for å auke sikkerheita: no har dei teke i bruk Agrilog, ein app der ein kan lagre informasjon om garden og utførte tiltak. Informasjonen vert lagra på nett, noe som reduserer faren for uoppretteleg tap av data. Derifrå kan dei hente ut automatisk genererte rapportar.

Framleis må dei overføre data frå John Deere sin eigen app (tilknytta GPSen) der det er registrert gjødseltildeling i kg/daa for kvart felt. Informasjonen frå denne appen kan dei eksportere som pdf-fil og derifrå overføre til Agrilog. Det vert eit ekstra mellomsteg, men er likevel ein stor forenkling samanlikna med tidlegare praksis, og betre dokumentasjon av utført arbeid.

Bruk av GPS-teknologi mogleggjer presisjon i alt arbeid som inneber køyring over felta. So langt har familien Vikane i hovudsak nytta GPS til spreiing av mineralgjødsel, men dei har òg nytta det i harving, og seier det kan og kan gjere nytte i fresing, såing og spreiing av organisk gjødsel. Dei har òg tilbode leigekøyring, og har plass i databasen til å legge inn også andre sine felt.

Deling av utstyr for gagn og glede

Tore og Tollev synst det er beklageleg at det er laber kultur for leigearbeid i det lokale landbruket.

– Det burde vore meir av det. Leigearbeid er fint, det er behagelig. Det kan vere mykje å tene på leigekøyring, både for den som tingar og den som utfører arbeidet. Det betyr ikkje at du sit på ræva men det frigir tid som bonden kan nytta på andre viktige oppgåver på garden, seier Tore.

Tollev er einig:

– Det er synd om ein må slurva i fjøset fordi ein brukar for mye tid på å gjere godt arbeid på bakkane.

Dei peike òg på at eit alternativ til leige er at fleire bruk går saman om innkjøp og eige:

– Ikkje alle bruk kan ha alt av maskineri.

Dette vert stadig meir aktuelt, ettersom meir mekanisering og teknologi kjem på marknaden og mykje av det krevjer store investeringskostnadar. Ved å dele på utstyret, kan ein korte ned nedbetalingstida, og oppnå auka lønsemd raskare. Far og søn er samde i at alle kunne tent på å ta i bruk presisjonsutstyr basert på sin eigen gode erfaring med GPS-styrt gjødselspreiing.

Bur seg på framtida

I eit heilskapleg syn på drifta på familiegarden på Ølve, ser ein at desse karane utmerker seg med ei sterk evne til å føresjå og bu seg på framtidige utfordringar. Det er sterkt samarbeid mellom far og søner, maskinar og teknologi, noe som gir god arbeidsflyt, gode resultat og ei robust drift. Dei er dedikerte, stolte bønder, som står saman som eit lag med felles kapasitet, kompetanse og god giv. Gjennom haldning og handling demonstrerer dei korleis dei rustar seg for å takle morgondagens moglegheiter og utfordringar. Ein veit aldri kva som lurer seg bak neste sving - men denne traktoren køyrer i alle fall snorbeint! Og Tore følger framleis med på Finn.no…