Er du usikker på kva du skal gjera med båsfjoset ditt? Da vil eg anbefale å søke om ressursavklaringsmilder frå Innovasjon Norge. Ved hjelp av desse midlane kan du mellom anna få utarbeidd ein driftsplan. Ein driftsplan viser korleis drifta vil gå etter ei eventuell investering, er ein god start på prosessen vidare for å finne ut om du skal byggje om eller ikkje.

Med høgare kostnader har det dessverre vorte slik at ein del bønder slit med økonomien. Vi kan vera ein samtalepart for å finne løysingar for å lette likviditeten, eller vi kan vera med å rekne på ulike alternativ til dagens situasjon. Med NLR Likviditetsbudsjett kan vi hjelpe til med å få ei oversikt over likviditeten på garden. Ta kontakt om du ynskjer å setja opp eit likviditetsbudsjett, eller for å ta ein diskusjon rundt situasjonen du står i. Kontakt oss, i staden for å bli sitjande med bekymringane alene. Vi er her for å hjelpe dykk

Les meir om likviditetsbudsjett her: Likviditetsbudsjett = Sovemedisin? | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)