Vi hadde ei meir eller mindre høgtideleg lansering med utdeling av heftet under samling for rådgivarane i NLR Nordvest på Stranda den 23. august. Teamleder for agronomi, Gunnhild Overvoll, sto for utdeling og nokre ord kring lanseringa. Under lanseringa fekk alle grovfôrrådgivarane med seg nokre eksemplar i fysisk form til sine respektive kontor, som kan delast ut til den som måtte ha interesse av det. Ta kontakt med din grovfôrrådgivar om du ønskjer eit eksemplar. Elles finn ein heftet i digitalt format (PDF) lengre ned i artikkelen.

Gunnhild Overvoll lanserer Grovfôrøkonomihefte

Auke i pris på innsatsfaktorar som plast, kraftfôr, diesel og kunstgjødsel, og usikkerheit rundt prisane i tida framover, gjer det ekstra aktuelt å ta eit nærare blikk på eigen økonomi i grovfôrproduksjonen. Under prosjektet «Grovfôr 2020» kom grovfôret på Vestlandet dårlegast ut målt i kroner per fôreining. Det var fem faktorar som kan forklare dette: dårleg kapasitet på utstyr, låg avling, låg tørrstoffprosent ved hausting, doble gjødsel- og haustelinjer og dyrt utstyr som vert brukt for lite. I nokre tilfelle kan nytt utstyr med nyare teknologi lønne seg, medan andre kan ha betre nytte av å sjå på andre faktorar i si drift. Med riktige grep kan ein auke fôrmengde og -kvalitet til same eller redusert pris på innsatsfaktorane, og da kan ein lukkast med å redusere kraftforkostnadane også.

Eit anna verktøy som kan vere nyttig òg for grovfôrøkonomien, er ein gjennomgang av «Klimakalkulatoren» på sitt bruk. Det er ein samanheng mellom god agronomi, gode klimatiltak og økonomi i grovfôrproduksjonen. Stikkordet her er redusert transport.



20220823 090019
Teamleiar Gunnhild Overvoll fortel om grovfôrøkonomiheftet til interesserte rådgivarar i NLR Nordvest

Ver så god: her er vårt nye hefte om grovfôrøkonomi! Det kan vere nyttig å starte med eit eller fleire tema som ein veit eller mistenkjer at skoa trykkjer hos seg sjølv. Tema i heftet er mellom anna maskinsamarbeid, drenering, ensileringsmiddel, transport og spreiing av husdyrgjødsel, haustelinjer for gras, presisjonslandbruk, ugras, vatning og hjortebeiteproblematikk. Alt er skrive av våre eigne rådgivarar og rådgivarane i NLR Vest, og med støtte frå Statsforvaltarane i Vestland og Møre og Romsdal

Grovfôrøkonomiheftet finn du her