1. Plukk vekk aluminiumsboksar, plast, rekved, stein o.l. før du kjører ut på jordet med maskiner.

Uansett kor godt du ryddar etter flaumen er det stor risiko for at det kan havne metallboksar, plastflasker o.l. i fôret. Gjer tiltak for å unngå å "kutte" desse forurensningane i mindre bitar om den kjem inn i slåmaskin, presse ol. Jo større metallboksen er som havnar på fôrbrettet, jo mindre sjanse er det for at dyra får den i seg.

Forslag på tiltak for å unngå oppmalte blikkboksar/plastflasker i vomma:

- Bruk slåmaskin utan "crimper". ev still "crimper" på slåmaskina i posisjon for minst handtering av graset.

- Ta vekk knivar i presse, lessevogn o.l.ved innsamling av graset slik at ev blikkboksar ikkje vert "male opp",

- Unngå bruk av fôrmikser, rundballeriver e.l. ved fôring av «risikofôr» med metall.

2. Berging av gras med slam og jord

Legg dette i rundballer og ikkje i silo – går det gale går det mindre gale i rundball enn i ein stor silo. Merk dei ekstra og legg dei for seg sjølve. Bruk desse ballane til ammekyr, sau, sinkyr i periode da dei ikkje skal produsere så mykje. Ved opning: sjekk lukt og utsjånad og kast det som ikkje ser bra ut.

Sats på at regnet som kom/ kjem vaskar av ein del jordforureining o.l. før slått.

Lite tilgrisa gras (ofte der det har vore straum på vatnet) kan gå til fôr. Forureining gjev større fare for bakteriar. Fôret kan med fordel tørkast mest mogeleg,- helst til høy. Dersom det går til høyensilage eller surfôr - velg då å bruke saltbaserte ensileringsmiddel spesielt eigna mot smørsyre- og listeriabakteriar i rundballane.

Til høyensilage er "Kofasil Ultra/Xtrasil Ultra" dei mest aktuelle og til surfôr med lågare tørrstoffinnhald Xtrasil/ Kofasil. Har du ikkje dei- tilsett 25% ekstra ensileringsmiddel av det du har f.eks Ensil1/Grasaat Lacto eller Ensil pluss/Grasaat pluss. Bakteriepreparat er etter vår meining ikkje gode nok i denne samanheng.

Mykje tilgrisa gras. Dette er ofte i områder der flaumen har vore stilleståande.
Ta ei ny vurdering av arealet etter regnet på tysdag/onsdag denne veka.
Vurder då om du trur det er eigna til fôr.

Dersom det absolutt ikkje er eigna til fôr:
- Slå og vend graset fleire gonger for å riste vekk jord og tørke graset mest mogeleg.
Pakk så graset i rundball for å kunne bruke det som strø i tallen.
Suppler gjerne tallen då med noko halm/flis med høgare C/N-forhold.

Foto: Våte forhold på Tynset. Oline Stubsjøen