- I 2025 har Europa blitt ramma av ei tørke av eineståande omfang, ei krise som omformar kontinentets jordbrukslandskap og testar motstandskrafta til matsystema. Frå dei forblåste slettene i Sentral- og Aust-Europa til Middelhavets tradisjonelt fruktbare dalar, er rekkevidda av tørken både historisk og geografisk omfattande, skriv redaktør Lukie Pieterse.

Denne langvarige tørkeperioden har ikkje berre tørka ut åkrar og tømt vassreservane, den har også avdekka djuptliggande sårbarheiter i lands økonomiar og matforsyningskjeder.

Det som kjenneteiknar den noverande tørken er den ujamne innverknaden på tvers av regionar. Medan nokre områder opplever katastrofal nedbørsmangel og rekordbrytande hetebølger, slit andre med uregelmessige vêrmønstre, inkludert lokal flom og uvanlege stormar. Desse markante regionale forskjellane har komplisert både beredskap og langsiktig planlegging, og viser konsekvensane av klimaendringane i Europa.

Landbrukssektoren, ein hjørnestein i kontinentets økonomi og kulturarv, ber hovudbøra av desse endringane. Kor store produksjonar som korn, grønsaker og spesielt potet står overfor alvorlege utfordringar.

- Den pågåande krisa er ikkje berre eit resultat av naturleg variasjon, men blir ofte sett på som ein manifestasjon av aukande klimaustabilitet. Både forskarar og politikarar åtvarar om at slik ekstremvêr sannsynlegvis vil bli hyppigare og meir intense, driven av global oppvarming og skiftande atmosfæriske mønstre. Konsekvensane er store, avlingssvikt truer matsikkerheita, økonomiske tap aukar for bønder og bygdesamfunn, og presset aukar på politikarane for å akselerere tilpassings- og mottiltak, skriv Lukie Pieterse.

I artikkelen blir det gått i djupna på dei meteorologiske drivkreftene bak tørken i 2025, og sett på konsekvensar og årsaker til tøke i Europa gruppert i tre regionar. Den undersøker konsekvensane for avlinga, marknadsstabilitet og levebrød på landsbygda, med særleg fokus på potetsektoren – ein produksjon som både har blitt ei symbol og eit offer for Europas klimasårbarheit.

Omfang og alvor av tørken i 2025

Potetproduksjon - ei casestudie om klimasårbarheit

-Potetproduksjonen i Europa fungerar som ein kritisk basismatvare og ein viktig økonomisk vare, men den er stadig meir sårbar for dei mangesidige konsekvensane av klimaendringar, spesielt tørke og ekstreme vêrvariasjonar. Tørken i 2025 eksemplifiserer dei komplekse utfordringane potetproduksjonen står overfor, frå setting til marknadsdynamikk, med implikasjonar for avling, kvalitet og matsikkerheit, skriv Lukie Pieters i si oppsummering av situasjonen.

For dei som vil lese meire om konsekvensar av tørke og klimaendringar står heile artikkelen på nettsida til Potato News Today: