Brenning er ein god måte å restaurera og vedlikehalda lyngmark. Det opne landskapet er avhengig av beitedyr. Mange stader der utmarka vore ute av bruk i mange tiår, har det nå blitt ny aktivitet med brenning og beiting. Naturtypen kystlynghei har dei siste åra hatt status som trua naturtype.

Kontrollert brenning kan fornya grov og gammal lyng og stoppa brake og trevegetasjon som er på veg opp. På den måten er ein med på å stoppa gjengroinga. Det har vore kurs mange stader i Rogaland og Vestland dei siste åra og det er etterkvart mange som har fått god erfaring.

Skarsmarka Karmoy foto Annlaug
Brenning i Skarsmarka, Karmøy, i 2021. Foto: Annlaug Fludal.

I Nedstrand er det eit lokalt engasjement for å ta i bruk fjellområda igjen. Stein Gunnar Nordeide forklarer på Radio 102 om planane.

Utmarksbrenning må gjerast i vinterhalvåret. Været er minimumsfaktoren. Det må vera tørt nok, men ikkje for tørt. Litt vind er bra, men sterk vind gir dårleg kontroll.

Planlagt brenning må varslast i fleire veker på førehand til brannvesenet. I tillegg må det varslast ved start og avslutning brennedagen. God kommunikasjon med brannvesenet er avgjerande. Normalt varer sesongen til 15.april, men dette kan det bli gitt unntak for lokalt. Det kan òg vera strengare reglar på grunn av hubro og anna dyreliv. Brannvesenet kan setta stopp når det blir for tørt. I koronaperioden har det òg blitt lite brenning då brannvesenet ikkje kunne risikera redusert beredskap.

Vurderer du brenning, men ikkje har meldt inn planar til brannvesenet ennå, er denne sesongen over. Men du kan få nyttig erfaring med å bli med andre brennarar i ditt område. På facebook-gruppa «Lyngbrennarar på Haugalandet» blir det lagt ut planar.

Det går an for uerfarne å delta. Det er ønskeleg at du tar kontakt med den ansvarlege for brenninga slik at ein har kontroll kven som er i marka. Møt på starttidspunkt. Ha brannsikre klede (ull og bomull), klede av syntetiske materiale må ikkje brukast. Ha med rikeleg mat og drikke og opplada telefon.

Brenning i utmark er òg eit samfunnsnyttig tiltak då det reduserer faren for store ukontrollerte brannar i tørre periodar.

I Sveio kommune har brannvesenet i mange år hatt øvelse i område i utmarksområde. Her har det vore samarbeid med landbruksforvaltning og lokale drivarar. I år blir det brent i Ryvardsmarka.

slukking med løvblåsar, Eilerås i Sveio. Foto: Annlaug Fludal
Slukking med løvblåsar etter brenning på Eilerås i Sveio førre veke. Foto: Annlaug Fludal.
Eileras Sveio 13 mars 22 Varsling langs veg AF
Varsling ved veg. Eilierås, Sveio. Foto: Annlaug Fludal.