Sjølv om prisane på mineralgjødsel har steget med opp til 160% , så har alle gjødselslaga steget omlag paralellt. Dermed er fremleis rein nitrogengjødsel (27-0-0) mest prisgunstig og 18-3-15 det dyreste alternativet. Har du tilstrekkeleg med husdyrgjødsel (5 tonn/daa i året) vil husdyrgjødsel + 27-0-0 dekke nærignsbehovet for graset.

I år er det større skilnad på nitrogengjødsel med og utan svovel enn tidlegare år. Difor minner me om at det berre er på våren du får effekt av å tilføre svovel gjennom mineralgjødsel. Resten av året er det tilstrekkeleg temperatur til at graset kan hente svovel frå jord og husdyrgjødsel. Det er likevel ikkje noko negativ effekt av å tilføre svovel resten av året òg.

Torsdag 10.mars vert dette tema på digitalt fagmøte. Sjå meir: Digitale fagmøte