Erfarne mjølkebønder

Sonja og Per Ådne Skårland har drive mjølkebruket på Herikstad i Time kommune sidan 2001 og kan ikkje reknast som nye bønder lenger. Dei siste tre åra har dei satsa stort på ny næringsverksemd på garden og i desember 2021 opna dørene til Jerseymeieriet. I dag foredlar dei rundt 1/3 av mjølka som vert produsert på garden og produkta kan kjøpast i om lag 50 daglegvarebutikkar i heile Sør-Noreg. Med eigen mentor på laget starta dei med ysting i 2023.

Jerseymeieriet 5 foto turidfitjar

Nye idear og nei frå Innovasjon Norge

Ideen om Jerseymeieriet vart planta på ein tur til Tsjekkia med «European Jersey Forum» i 2019. Sonja hadde kjent på at ho var klar for noko nytt medan Per Ådne ville helst ha kona med vidare i drifta på garden. «Me har fleire gonger vore med på European Jersey Forum sin årlege tur. På turen til Tsjekkia var me som vanleg på mange gardsbesøk, og det me la merke til på denne turen var at alle me besøkte hadde ei form for lokal foredling av mjølk. Som regel av nødvendighet på grunn av den låge mjølkeprisen i EU», forklarar Sonja.

Etter turen til Tsjekkia vaks ideen fram. Gründerane tok kontakt med Innovasjon Norge for å høyra kva moglegheiter det var for å få støtte til eit slikt prosjekt. Der fekk dei først pengar til eit forprosjekt, men før dei fekk søkt om pengar til bygging var pengepotten til innovasjon Norge brukt opp og den einaste moglegheita var å venta på nytt år og nye innovasjonsmidlar.

«Heldigvis var dei tom for pengar», seier Sonja. Utsettinga gjorde at dei fekk betre tid til planlegging, marknadsundersøking og merkevarebygging før byggestart. Det er ho som har ansvar for drifta av meieriet medan mannen tek seg av den daglege drifta i fjøsen.

Handplukka mentor

Siste nytt i gardsmeieriet er ysting av halvfast kvitost på upasturisert mjølk. Dette tok dei til med i starten av året, med kyndig rettleiing frå ein handplukka mentor gjennom mentorordninga i landbruket. «Eg spurde faktisk Hans om å vera mentor før eg sende søknaden om å delta», avslører Sonja.

Mentoren, Hans Voll, var den første i Noreg som fekk godkjenning av Mattilsynet for å laga ost av upasteurisert mjølk. Han har halde på med denne typen ost på Voll i Klepp kommune sidan 2001, og har no overlate drifta av Voll ysteri til neste generasjon.

Jerseymeieriet 2 foto turid fitjar

På spørsmål om kvifor han sa ja svarar mentoren: «Det høyrdest ut som eit spennande opplegg. Me var lenge få som haldt på med dette, men no blømer miljøet her i Rogaland. Det er veldig kjekt». Han kan fortelja at fleire oste-gründerar har vore på hospitering på ysteriet på Voll.

Osten Tone

Osten dei har laga heiter Tone og er oppkalla etter ei heilt spesiell tam og snill ku. På spørsmål om kvifor dei vil ysta på upasteurisert mjølk svarar Sonja kjapt: «Osten vert betre». «Prosessen me kallar pasteurisering, varmebehandling av mjølk, drep alle bakteriane i mjølka. Dei gode bakteriane i mjølka hjelper deg i ystinga og bidreg til den særeigne smaken som denne osten har», forklarar ho.

Jerseymeieriet 1 foto turid fitjar

Deler gjerne hemmelegheitene

«Å laga ost er ikkje berre å fylgja ei oppskrift», seier mentoren. «Handlaget og kvaliteten på mjølka er heilt avgjerande, det heile startar eigentleg når kua et graset ute på jordet», forklarar han vidare.

Dette handlaget er heller ikkje enkelt å læra vidare ved å forklara, det sit i fingrane og er enklare å visa i praksis. Difor var Hans med både i planlegginga av modningslager til osten og på første runde med ysting i februar 2023.

Hans viser til fleire som har starta ysteri i Rogaland dei siste åra og understreker at det er kjekt å ha fått eit miljø i Rogaland. Verken mentoren frå Voll eller grunderen frå Herikstad er redd for konkurransen frå dei andre ysteria. Dette får me bekrefta når me seinare finn ostar frå fleire lokale produsentar i gardsbutikken på Herikstad.

Jerseymeieriet 3 foto turidfitjar
Jerseymeieriet 6 foto turidfitjar
Smaken på osten vert påverka av fôret, så ein kan seia at ystinga startar i fjosen. Frå venstre mentor Hans Voll, Sonja Herikstad og Lene Marie Hustveit som er ansvarlig for mentorordninga i NLR.

Gode råd

Sonja sitt råd til andre som startar opp ny produksjon på garden er: «Få tak i nokon du meiner har erfaring og som er flinke på det du held på med. I tillegg er det lurt å ta ein prat med Innovasjon Norge».

Til andre som vurderer å bli mentor kjem Hans med fylgjande råd: «Du kan vera mentor sjølv om du ikkje kan alt. Og då seier eg berre at dette kan eg ikkje, og så deler eg den erfaringa eg har.»

Jerseymeieriet 7 foto turidfitjar
"Du kan vera mentor sjølv om du ikkje kan alt", er Hans sitt råd til andre som skal vera mentor.

Mentorordninga i landbruket

Mentorordninga i landbruket inneber at du som er ny bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eitt år. Mentoren får godtgjersle for arbeidet sitt gjennom ordninga.

Lene Marie Hustveit er regionkontakt for mentorordninga i Rogaland. Ho har følgd mentorparet frå sidelinja, frå oppstartssamlinga i januar til avslutning i november. «Hugs at tilbodet omfattar alle husdyr- og planteproduksjonar, i tillegg til Inn på tunet, lokal foredling med meir», seier mentoransvarlig Lene Marie.

Ho minner om at søknadsfristen for å delta i mentorordninga neste år er 1. desember. Søknadsskjema, både for mentor og deltakar finn du på nlr.no/mentor.

«Ta kontakt visst du har spørsmål, og tips gjerne ein ny bonde du kjenner om mentorordninga», avslutter Lene Marie.