Forslag til forskrift om bruk av gjødsel har blitt offentleggjort. Dei nye reglane vil ikkje letta arbeidsbyrda til bøndene – noko ein heller ikkje hadde forventa. Krav til spreieareal blir stramma inn med få unntak. Slaktegris vil få redusert krav til spreieareal.

Det er forslag om krav til koordinatfesta jordprøvar kvart 4.år (fosforverdiar). Bonden får ikkje ta ut prøvar sjølv. Analysar skal lagrast i sentralt register. På den andre sida skal ikkje fosforverdiar i jord gi ekstra begrensingar i gjødsling, med unntak ved av bruk av kloakkslam og liknande.

Bruk av alle gjødselslag vil bli rekna under eit, dvs at ein for eksempel ikkje kan gjødsla med ekstra fosfor i mineralgjødsel dersom ein har brukt maksimal mengde av husdyrgjødsel.

I dag må innmarksbeite vera godkjent spreieareal for å få kjøra husdyrgjødsel. I det nye forslaget må ein òg ha godkjenning for å kjøra mineralgjødsel innmarksbeitene. Særleg for Rogaland, med store areal innmarksbeite, vil dette ha stor betydning dersom det blir ståande.

Forskrifta skal tre i kraft frå neste år, men med overgangsordningar. Rogaland blir gitt ei særstilling. Etter åtte år vil det i Rogaland kunna tilførast 2,7 kg fosfor pr daa dyrka mark. Resten av landet er foreslått 2,3 kg fosfor pr daa. For innmarksbeiter (med godkjent spreiing av gjødsel av ulike slag) er foreslått begrensing på 2 kg fosfor.

Forslaget gir opning for tilføring av inntil 3,5 kg fosfor der behov kan dokumenterast gjennom avlingsmengde, næringsbehov eller ved føring av næringsstoffrekneskap. Grønsaker er unntatt frå denne øvre grensa.