PÅMELDING

Påmeldingsfristen er 31.juli.

Saman med yrkesbrør og rådgjevar vil ein ta føre seg relevant problematikk gjennom eit årshjul som sauebonde. Du som deltakar vil bli plassert i ei mindre gruppe med andre bønder, her vil ein dele erfaringar, og innspel for å forbetre eiga drift.

August

  • Avl: utval av livdyr, og val av vær

Oktober

  • Fôringsplanlegging og haldvurdering

Desember

  • Innføring i klimakalkulatoren

Februar

  • Parasitthandtering

Mars

  • Førebuing og rutinar ved lamming

Mai

  • Skjøtsel av innmarksbeite og beitestrategiar

Deltakaravgift er på 5500kr, og inkludera 2 fôranalysar.

Klimarådgiving kjem som eigen faktura, og kostar 5500kr. Her skal ein merke seg at ein kan søke støtte på RMP, og dermed få heile beløpet refundert.

Oppmøtestad vert nærare bestemt ut frå kvar hovudmassen av deltakarar melder seg på. Det vert lagt opp til fleire grupper ved behov. Har du spørsmål, ta kontakt med Sondre Lauareid Hovda på tlf; 91910380 eller e-post sondre.lauareid.hovda@nlr.no.

«Grupperåd sau» er eit tilbod for kompetansebygging og sosialt nettverk mellom sauebønder i Rogaland.