Ove Sørestrand

Husdyr har alltid vore mi store interesse. Eg var tidleg med i fjøset på morsgarden på Skor i Hyllestad. Tida med handmjølking, som framleis var fleire plassar på 1960-talet, hugsar eg godt.

Eg har hatt mykje jordprøvetaking denne hausten, frå Masfjorden til Førde. Det vart mykje regn i haust, men med klebyte på verste dagane, har det gått fint likevel.

Analysane av jorda fortel oss om kvaliteten på jorda, og særleg er det fokus på pH som vi ofte ser har låge verdiar.

Fosfor er også viktig for plantane, men med nok husdyrgjødsel vert det stort sett rikeleg fosfordekning.

Det er fleire viktige parametrar i jordprøvene som vi kan sjå i samanheng med dyrehelse. Til dømes ser vi samanheng mellom låg pH, lågt magnesiuminnhald, lågt kalsiuminnhald, og problem med mjølkefeber hjå dyra. Då bør vi velje magnesiumhaldig kalk som forebyggande tiltak. Vi har døme på at rett kalk har gjeve positiv verknad.

Vi har teke ein del jordprøver på beite. Her er det ein del å ta tak i med omsyn til kalking. Vi ser også eit aukande problem med lyssiv og knappsiv, difor har vi hatt markdagar i haust med dette temaet. Beite er ein viktig ressurs som gjev rimeleg grovfôr, og som er viktig for totaløkonomien. Delar av beita kan ofte vere vanskeleg å kome til, men her kan vi kalke dei beste plassane. Litt kalk er betre enn ingenting. Når pH-verdien er låg (rundt 5,0 eller endå lågare) vil mineralnæringsstoff også vere mindre tilgjengeleg for plantane.

No startar gjødslingsplansesongen, og grunnlaget for gjødslingsplanen er jordanalysane. Her kan vi også bruke TEAMS der vi går gjennom gjødslingsplanen og ser på resultat av ulike berekningar vi legg inn i planen etter kvart.

Vidare er dette med skifteinndeling, dyretal og husdyrgjødsel viktig å utnytte, då mineralgjødsel vert ein stor kostnad framover. Det er også viktig å få teke ut avlingspotensialet på dei ulike skifta alt etter behovet for grovfôr. Arealet i gjødslingsplanen må også stort sett vere likt med areal i søknad om produksjonstilskot.

Det kan også vere aktuelt å følge opp med grovfôrprøve, og vurdere gjødslingsplanen etter resultat av grovfôranalysen. Det må vere med mineralanalyse om vi skal få sett på kva grovfôret inneheld av dei ulike minerala, og sette inn tiltak. Vi i NLR Vest kan hjelpe til med uttak, og vurdering av grovfôret gjennom «Surfortolken» som er eit nyttig verktøy for å optimalisere fôring, og sette inn tiltak i driftsopplegget.

IMG 1252
Bilete frå garden Lia på Guddal.
Bilder Nyefjosen
Bilete frå garden Lia på Guddal.
GEIT 2
Bilete frå garden Lia på Guddal.
IMG 20210729 185706
Bilete frå garden Lia på Guddal.
Sauebilde
Bilete frå garden Lia på Guddal.