Lise Elvagjeng

Eg strøvla mine fyrste steg, i bratta i Sogndalsdalen, bak ei kurumpe. Ei av mine fyrste arbeidsoppgåver var å jaga kyrne til og frå beite.

Skal ein lukkast godt i husdyrproduksjon, så er det like viktig å vera god på grovfôrproduksjon som å stella dyr. Difor ynskjer eg å bli betre på utearbeidet og grovfôrdyrkinga, og på den måten verta ein rådgivar som ser heilheita i det meste når det gjeld gardsdrift. Eg håpar òg at mi erfaring som bonde og familiemenneske bidreg til forståing for at om ikkje alt blir fagleg optimalt etter rådgiving, så er det godt nok, og det ein kan klara å få til i den livssituasjonen ein er i akkurat no.

Akkurat no har eg hatt to samlingar med deltakarane i erfaringsgruppene til prosjektet «Beste klimapraksis sau». Sju til ni bønder var samla, diskusjonen gjekk godt. Både utfordringar og styrkar i gardsdrifta vart lufta. Fleire var godt nøgde med det å driva med sau. Utnytta utmarksressursar og omdanna plantemateriale til kjøt ved hjelp av den fine mekanismen drøvtygging, er noko som er både triveleg og meiningsfylt å vera med på. Det gjev ei god kjensle å produsera maten her i nærområdet, i staden for å frakta han rundt i verda.

Alder og utforming av driftsbygningar er noko som skaper både glede og frustrasjon, og diskusjonen kring korleis ein kan tilpassa drifta til sin produksjon er ofte aktuell. Avdråtten på sauen, helse og sjukdom var òg mykje diskutert. Ein haldbar, frisk sau som produserer godt er det absolutt beste med tanke på klima. Av konkrete tiltak som deltakarane ynskte å gjera noko med etter samlingane kan det nemnast å utnytta sauekontrollen betre, skaffa fosterteljar, nokon vil leggja om fôringa, andre vega og haldvurdera sauene for å sjå om det er direkte samanheng mellom vekt på mor og slakteresultat på lamma. Det vart og nemnt at det er godt å komma saman med andre og få ei stadfesting på at det ein gjer, det er rett!

Yngre sauebønder, med stålkontroll på dataverktøyet «Sauekontrollen», demonstrerte korleis dei nytta sauekontrollen i avlsarbeidet. Dei demonstrerte på ein så god måte at også eg bestemte meg for å utnytta mogelegheitene som ligg der endå betre. Samstundes supplerte eldre flinke sauebønder med sine tips og triks og erfaringar, og det blir veldig synleg at her finst ikkje berre ein veg til Rom.

Rundt om i heile området vårt er det no 6 grupper i gang. Frå Hardanger i sør til Nordfjord i nord. Dette er grupper som skal samlast jamleg gjennom eit år, og som skal diskutera og dela erfaringar som er aktuelle for årstida og klimaet til ei kvar tid. Me skal innom både økonomi, lamming, jordhelse, grovfôrkvalitet, haustetidspunkt og mykje, mykje meir. Denne fyrste samlinga handla om avlsarbeid og fôring om hausten. Det har vore både trivelege og lærerike kveldar, òg for ein rådgivar som har vore sauebonde i 17 år. Frametter vinteren og våren skal me samlast fleire gonger og dela endå meir erfaringar. Me skal gjera kvarandre verkeleg gode! Noko som tener både bonden, sauen og klimaet.

IMG 0070
IMG 0566
IMG 2702
IMG 2908