Podkasten finn du på acast, spotify, eller du kan laste den ned frå appen «podkaster» på din telefon

Vi har to programleiarar som vil byte på i dei ulike episodane. Dette er Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, som til dagleg er rådgjevarar i NLR Vest, og som mange av dykk allereie kjenner. Gjestar i podkasten blir ei blanding av eigne fagrådgjevarar og andre aktuelle personar innanfor landbruksverda.

Fyrste episode av Vestlandsbonden kom måndag 12. oktober. I forbindelse med lansering av klimakalkulatoren 15. oktober fekk med oss Svein Skøyen, ein av hovudpersonane bak denne. Han fortalte meir om korleis kalkulatoren fungerer, og korleis vestlandsbonden kan nytte seg av den. Vidare utover hausten har det kome andre tema knytt direkte opp mot klima. I fyrste omgang kjem det 8 episodar. Prosjektet er støtta gjennom prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Etter dette håpar vi å kunne lage fleire episodar om enkelttema og fagseriar innanfor ulike fagbolkar.

Vi håpar at du som lyttar vil sette pris på denne nye måten å få fagkunnskap frå oss på, og vi ynskjer gjerne tilbakemeldingar og forslag til tema som kan vere aktuelle å ta opp.