Dag-Arne Eide

I 1984 skulle Nordfjord Forsøksring utvide frå ei til to stillingar. Den nye stillinga skulle blant anna ha fokus på økonomi. Då eg sa i frå om at eg ikkje hadde peiling på økonomi, så fekk eg jobben.

Tilbakeblikk

Som gamal rådgjevar (tidlegare ringleiar) har eg drive med gjødslingsplanlegging for medlemar langt tilbake i tid, lenge før det blei obligatorisk. Vi dreiv med manuelle skjema, omrekningstabellar og kalkulator. Vi rekna ut mengd og type gjødsel ut frå jordanalysar og gjødselnormer. Bonden såg nytten av dette, sjølv om det ikkje var eit offentleg krav.

I «si tid» inngjekk bondeorganisasjonane avtale med Staten om at det skulle innførast obligatorisk gjødslingsplan. Eitt mål med dette var å redusere ureining til vassdrag, og såleis ut i havet. Fosfor var sentralt. Det var fleire prosjekt rundt om i landet som hadde fokus på redusert avrenning til vassdrag. Det blei brukt offentlege midlar til kjøp av datamaskiner og det blei utvikla gjødslingsplanleggingsprogram (dos-basert) og halde kurs for rådgjevarar. Seinare blei det også innført obligatorisk miljøplan. Føremålet var å ta vare på kulturlandskap og kulturminne, og det blei avhalde kurs for bønder i grupper, der kart og fargeblyantar blei brukte i planlegginga. Gjødslingsplanen blei også ein del av miljøplanen.

Fagleg bakgrunn for planlegginga

I dag er miljøplan historie, men gjødslingsplan og plantevernjournal står framleis igjen som obligatorisk. Gjødslingsplanlegging er framleis ein viktig berebjelke i arbeidet NLR Vest utfører for medlemane våre. Prinsippet rundt planlegginga er det same i dag, men sjølve utrekningane skjer noko kjappare, men eit fagleg skjønn og erfaring må alltid brukast. Difor blir den dyktige rådgjevaren aldri overflødig!

NLR Vest (tidlegare forsøksringen) har drive forsøk over lang tid. Gjødslingsstyrke og gjødseltypar har vore tema. Den tydlege overgangen frå Fullgjødsel til OPTI-NS kom bl.a. på bakgrunn av samanlikning av desse typane gjødsel i forsøk. I Sogn og Fjordane hadde vi slike forsøk i seks år, på tre ulike stader. Vi fann aldri avlingsskilnader mellom Fullgjødsel 25-2-6 og OPTI-NS på kaliumrik jord og med bruk av husdyrgjødsel i tillegg. Utbreidd bruk av OPTI-NS har redusert fosforbruken mykje.

Viktigare enn nokon gong!

Som kjent er gjødselprisane heilt ute av kontroll, i alle fall om vi samanliknar med tidlegare. I denne situasjonen er det endå viktigare enn før å kunne bruke rett type gjødsel i rett mengde i høve til ønskt avlingsnivå, fôrbehov og fôrkvalitet. Ein gjødslingsplan kan lagast forholdsvis enkelt med lite differensiert gjødsling frå skifte til skifte, men vi kan også tilby meir nøyaktig plan dersom vi kjenner godt til enga og forholda på den einskilde gard. De bønder er også svært ulike, ikkje alle er like interessert i gjødslingsplanen. Bruken av planen kan vere frå å ligge urørd i ei skuff, til å bli aktivt brukt ute under gjødsling. Presisjonsgjødsling med GPS kjem for fullt. Høge gjødselprisar er endå eit argument for å nytte gjødsla optimalt.

Årleg gjødslingsplan

Tidlegare kunne vi lage «5-årige» planar på grasareal på Vestlandet. Dette var etter avtale med den gong Fylkesmannen og kommunane. Argumenta for dette gjekk på at drifta var lik frå år til år, difor var det greitt med ein plan som kunne vere uendra i 5 år. Praktiseringa av regelverket har endra seg. Gjødslingsplanen er eittårig, men NLR Vest har ikkje hatt ressursar til å lage ny plan til alle 4000 medlemane kvart år. Vi tilbyr ny plan kvart fjerde år, men då må du som bonde sjølv passe på å notere endringar og endre årstal for kvart år mellom kvar gong du får ny plan frå oss. På denne måten blir planen å rekne som eittårig.

Bestill årleg oppdatering!

Kontrollen frå kommunane og frå KSL blir stadig strengare, så det er viktig å ha alt på stell, også når det gjeld gjødslingsplanen. Og sjølvsagt er det viktig at planen er så god at du som bonde også tener på å bruke planen. På store bruk er det ofte mest endringar frå år til år. Spesielt endringar i areal er viktig å få inn i planen.

NLR Vest vil med dette tilby ei ordning der du kan bestille årleg oppdatering. Då vil du vere sikra at alt er i orden under kontroll, samstundes som planen er ajour og kan brukast fullt ut. Kostnad med årleg oppdatering vil ofte avgrense seg til ein times arbeid, men sjølvsagt er det avhengig av omfang. Ved ei slik oppdatering får du også med deg ein årleg gjødslingsdiskusjon med rådgjevaren din!

Bestill årleg gjødslingsplan her

3
Jordbruksrådgjevarar i NLR Vest